![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2018/10/vertical-5/17/8/a81/88a/d0-/d1f/a-1/1e8/-8c/5e-/27d/e2c/722/f68_450336433.png)
Seksjonsleder
Helse Bergen
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar i LAR
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR avdeling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern, m.a. ved geografisk deling av alle poliklinikktenestene. Målsetting for integrasjonsprosessen er å utvikle tettare samhandling med DPSar og kommunale tenester.
LAR er organisert i 5 geografiske seksjonar, samt ei seksjon med tilbod om heroinassistert behandling (HAB). Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.
Vi har no to ledige stillingar som seksjonsleiar ved LAR poliklinikk Fana/Ytrebygda samt ved LAR poliklinikk Årstad (M31)
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den daglege drifta i poliklinikken
- Fagleg ansvar i poliklinikken saman med overlege og psykolog
- Personalansvar
- Etablere og vedlikehalde eit godt arbeidsmiljø
- Ansvar for den systematiske samhandlinga om pasientar med psykisk helsevern, andre seksjonar i AFR, kommunale tenester og brukarorganisasjonar
- Resultatansvar for eigen seksjon
- Ansvar for drift av bygg og samhandling med huseigar.
- Bidra til kvalitetsforbetrande arbeid.
- Bidra i integrering av forskning i klinikk
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring som leiar og/eller leiarutdanning
- Erfaring frå arbeid innan spesialisthelsetjenesta i rusbehandling eller psykisk helsevern, samt kommunale tjenester vil styrke søknaden
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar. Bachelor grad i sosialt arbeid og andre relevante utdanningar kan vurderast
- Kunnskap om tverrfaglig spesialisert behandling (TSB) og andre delar av tjenestetilbodet innan rus- og avhengnad er ein fordel
- Gode norskkunskapar, munntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å leie medarbeidarar i oppfølginga av ein pasientgruppe med stor sjukdomsbyrde og hjelpebehov
- Gode evner til samarbeid
- Evne til systematisk og konstruktiv samhandling med samarbeidspartnarar
- Interesse for helsetenesteutvikling
- Stor arbeidskapasitet
- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Fleksibel, tåler uforutsigbarheit og evner å prioritere i stressande situasjonar
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du har god skriftleg formidlingsevne
- Evne til å sjå heilskapen i tenesta med fag, personal og økonomi.
- Evne til å skape eit godt arbeidsklima/arbeidsmiljø.
Vi tilbyr deg
- Moglegheit til å bidra i utviklinga av behandlingstilbodet i LAR
- Ein utfordrande og arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver
- Deltaking i ei engasjert leiargruppe i LAR
- Kompetansehevande tiltak i henhald til behov
- Arbeid i tverrfagleg team
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Øvregaten 37, 5003 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Seksjonleder, Leder, Vernepleier, Sykepleier, Rusmedisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392540282
- Sist endret