![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2024/3/vertical-5/01/2/7d5/d2d/30-/d7c/d-1/1ee/-a4/d1-/9fc/019/5b1/b82_1839512683.jpg)
Nettverksingeniør datasenter
Helse Vest IKT
- Frist 16.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med å utvikle datasenter-nettet i Helse Vest!
Helse Vest IKT leverer IT-tenester til alle sjukehus i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit.
Datasenter-teamet i Privat Sky arbeidar med drift og oppsett av nettverk i datasentra våre. Området Privat Sky har ansvar for alt av on-prem-løysingar i datahallene og består av fleire tverrfaglege plattform-team. Stillinga vil være ein del av nettverksmiljøet i Helse Vest IKT. Teamet trenger nå påfyll av nettverkskompentanse.
Teamet set kunnskapsdeling høgt, og ønsker at alle skal bidra med kunnskap og drift av løysingar. Vi ser etter deg som har god kunnskap om og erfaring med nettverk og gjerne erfaring med drift fra større nett eller datasentre.
Arbeidet vil delvis bli utført i datasentra, og arbeidsstad er Bergen eller Stavanger. Noko reising må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Drifte og vidareutvikle nettverket i datasentra til Helse Vest IKT
- Automatisere løsninger knytt til nettverket, dømes for konfigurasjon og endringar.
- Dagleg drift av Cisco Nexus-nettverk
- Kontinuerleg utvikling av nettet i Helse Vest, og samarbeide tett med andre fagområde.
- Kunnskapsdeling (GitOps)
- Endringshandtering, oppgradering og vedlikehald (ITIL).
- Andre forefallande oppgåver innan fagområdet.
Kvalifikasjonar
- IT-utdanning på universitets- eller høgskolenivå.
- Erfaring med drift av datasenter-nettverk eller god erfaring med generell drift av større nettverk.
- Kunnskap om Cisco Nexus-plattformen
- Kunnskap om BGP, OSFP, EVPN, VXLAN og datasenter-design
- Erfaring med scripting og automasjonsløsninger er ein fordel (til dømes Ansible, Terraform, Python eller tilsvarande)
- Relevante sertifiseringar tel positivt
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Du må kunne tilgangsklarerast jf. Verksemdsføreskrifta §69. https://lovdata.no/forskrift/2018-12-20-2053/§69
Personlege eigenskapar
- Du tar initiativ, og planlegg og prioriterer dine arbeidsoppgåver
- Ikkje redd for å utveksle eigne idear og er villig til å sjå på alternative måter å produsere tenestene våre.
- Du tar ansvar for dine fagsystem og hjelper ved høve til når det oppstår naudsituasjonar utanfor normal arbeidstid
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er flink til å dele kompetanse.
- Sjølvgåande og med eit ønske om å vere oppdatert og vidareutvikle infrastrukturen.
Vi tilbyr
Høyrast det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du moglegheita til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
- Spennande arbeidsoppgåver innanfor moderne teknologi, og produkt frå "øvste hylle".
- Smidig tankesett, arbeidsmetodikk og produktorganisering.
- Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
- Gode kurs- og konferansemoglegheiter.
- Moglegheit for medlemskap i bedriftsidrettslag.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Lunsjpause er inkludert i arbeidstida.
- Nye kontorlokale på Kronstad X med eiga kantine.
- Fleksible arbeidsordningar, med blant anna fleksitid.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar. Pensjonen er ytingsbasert og varar livet ut.
- Løn etter avtale.
- Overtidskompensasjon.
- Trygg arbeidsplass med føreseielege rammer.
- Moglegheit for telefon og breibandstøtte.
Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillet det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg, IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Cisco, nettverk, enterprise, datasenter, ruting
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392545516
- Sist endret