Helsefagarbeidar - 100% x2 - Psykisk helse og rus, RIB
Alver kommune
- Frist 24.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidar 100% døgnturnus og 70% langvakter
Om avdelinga og stillinga
Radøy interkommunale busenter er eit heildøgnsbemanna busenter for personar med psykisk helseproblem. Bebuarane har kvar si leilegheit med kjøkkenkrok og bad. I tillegg er det 2 fellesstover, 2 felleskjøkken og felles vaskerom til disposisjon for bebuarane. Arbeidsstaden har for tida tilsette i medleverturnus, langvakter og våken nattevakter.
Vi har ledig to faste stillingar som helsefagarbeidar ved Radøy Interkommunale busenter (RIB):
- For tida 70% i langvaktsturnus med arbeid kvar 4.helg
- For tida 100% i døgnturnus med arbeid kvar 4.helg
Kvalifikasjonskrav
- Helsefagarbeidar med autorisasjon
- Erfaring med tilsvarande type arbeid innanfor feltet psykisk helse og rus
- Personleg eigenskapar avgjerande vekt - det er viktig at du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tålmod
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kven er du?
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.
Ønska kvalifikasjonar
- Relevant vidareutdanning innan feltet vil bli vurdert kompensert. I aktuelle tilfeller vil det bli gjort ei konkret vurdering.
- Det er eit føremon om du har erfaring med arbeid innanfor geriatri
Vi er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Ved arbeidssenterene arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
- Fagutvikling
- Rettleiing
- Tilsetjing ihht gjeldande avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Om arbeidsgiveren
Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.
Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Radøyvegen 1625A, 5936 Manger
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392553878
- Sist endret