Vernepleier og fagkoordinator - 100% Knarvik arbeidssenter
Alver kommune
- Frist 24.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Vernepleier og fagkoordinator ved Knarvik arbeidssenter
Om stillinga
Vi søkjer engasjert og fagleg interessert vernepleiar til arbeids- og aktivitetssentra våre. Stillinga vil i hovudsak vere tilknytta Knarvik arbeidssenter, men må bistå Radøy arbeidssenter knytt til ulike fagkoordinatoroppdrag.
Det er lagt opp til inntil ein kontordag i veka, samt kompensasjon for fagkoordinatorrolla på 25 000kr i året. Arbeidstid er 08:00-15:30.
Fagkoordinator er ein funksjon og kan få delegert enkeltoppgåver til støtte for avdelingsleiar.
Om oss
Alver kommune har to kommunale arbeids- og aktivitetssenter for mennesker med nedsatt funksjonsevne- Knarvik og Radøy arbeids- og aktivitetssenter. I tillegg samarbeider me med ulike vekstbedrifter i kommunen for å sikra tilbod til dei som treng arbeidstrening, opplæring og hjelp til å komma seg ut i ordinært eller tilrettelagt arbeid. Det er omlag 40 personar som har tilbod om plass ved Knarvik- og Radøy arbeids- og aktivitetssenter.
Formålet med arbeids- og aktivitetssentra er å gje personar med utviklingshemming eller varig nedsett funksjonsevne aktivitet og mogelegheit til å delta i arbeidsoppgåver, samt deltaking i sosialt fellesskap, mestring og gode opplevingar i kvardagen. Arbeids- og aktivitetssentra i Alver kommune tilbyr dagtilbod i aldersspennet 18-67 år.
Knarvik og Radøy arbeids- og aktivitetssenter har 18 ansatte fordelt på dei to sentra og me jobber tverrfagleg med ei ansattgruppe som består av vernepleiere, sjukepleiar, miljøterapeuter og helsefagarbeidere.
Ved begge arbeidssentera har me gjennom mange år jobba med samhandling og kommunikasjon, og dette pregar arbeidsmiljøet på ein god måte. Det er viktig at vår nye kollega følgjer opp dette, og kan ta del i det vidare arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Sørge for intern faglig opplæring og veiledning på begge arbeids- og aktivitetssentra i Alver
- Ha ansvar for opplæring og veiledning av ansatte, nyansatte og vikarer
- Vera ein fagleg pådriver og fremma godt arbeidsmiljø
- Ta initiativ, finne nye løsninger og bidra til økt tverrfaglig samarbeid
- Primærkontaktansvar/ brukeroppfølging
- Kartlegging, tiltak og evaluering
- Bistå med turnusarbeid
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidsparter som forvaltning, bolig og pårørande
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert vernepleiar
- Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Førarkort klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Politiattest må leggjast fram før oppstart
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Arbeidstid på 7,5t per dag med betalt lunch
- Vernepleiarar ligg 9000kr over tariff i Alver kommune
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
Vi er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Ved arbeidssenterene arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 392556920
- Sist endret