Bildegalleri
Balto treng ny heim
Beskrivelse av varen
Alder: 3 år
Grunna uventa flytting til utlandet, må vi diverre finne ein ny heim som kan gje mykje kjærleik til Balto. Han har definitivt mykje kjærleik å gje tilbake!
Balto er tre år gamal blandingshund mellom Alaska husky og Lancanshire heeler. Han er vand med å vere heime aleine på dagtid, og har vakse opp med ungar og ein annan hund i sin førre heim. Han er derimot ikkje vand med kattar. Han trivast aller best på tur i naturen, og han elskar å trekke på ski, sykkel og joggeturar. Midt i byen kan det bli litt mykje inntrykk for han.
Balto er kastrert og godt fylgd opp med helsesjekkar og vaksiner. Han er ein veldig glad og sosial gut som elskar kos. Han har mykje og veldig sjarmerande personlegheit.
Det viktigaste for oss er at Balto får ein varig heim som kan gje han mykje kjærleik og kos, og som verdsett hans morosame personlegheit. Ved interesse, sett vi pris på om du/dykk skriv litt om kva type heim du/de kan tilby.
Bilbur og ein del utstyr føl med.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.2.2025 kl. 20:00 ・ FINN-kode: 392928405