Apotektekniker
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 23.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Apotektekniker
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF.
Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
På sjukehusapoteket i Bergen er vi ein fin miks av apotekteknikarar og farmasøytar. Hos oss får du rundt 145 kjekke og dyktige kollegaer, fordelt på fire ulike avdelingar.
I produksjonsavdelinga lagar vi spesialtilpassa legemiddel til pasientar, i sjukehusekspedisjon sørger vi for at alle avdelingane på sjukehusa i Helse Bergen får legemidla dei treng, i publikumsutsalet gir vi råd og vegleiing om legemiddelbruk, og besøkande kan kjøpe legemiddel på eller utan resept. I avdeling for farmasøytisk rådgjeving hjelper vi legar, sjukepleiar og anna helsepersonell med trygg og riktig bruk av legemiddel.
Som apotekteknikar hos oss bidrar du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett måte.
No ser vi etter deg som vil forsterke det gode laget vårt ytterlegare. Dei fire avdelinga samarbeider nært, og du får sjansen til og må forvente å arbeide i fleire av dei. Vi samarbeider tett med sjukehuset, og våre tenester og arbeidsoppgåver er under stadig utvikling.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver kjem an på avdelinga stillinga er plassert i:
- Produksjonsavdelinga: Klargjering og aseptisk framstilling av legemiddel til intravenøs bruk.
- Sjukehusekspedisjonen: Forsyning av legemiddel og andre apotekvarer til sjukehuset, samt utføring av apotekstyrte tenester.
- Publikum: Ekspedere kunder, gje råd og vegleiing om legemiddelbruk, og salg av legemiddel på eller utan resept
- Delta i apotekets vaktordning.
- Andre oppgåver i avdelingane kan tilfalle ved behov
Kvalifikasjonar
- Du har autorisasjon som apotekteknikar eller anna relevant helsefagleg utdanningsbakgrunn
- Bestått 3-årig vidaregåande skule
- Vi ser både etter nyutdanna apotekteknikarar, du som har jobba i apotek og ynskjer å prøve noko nytt,eller du som har jobba i andre sektorar og no ynskjer nye utfordringar i eit sjukehusapotek
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere positiv, fleksibel og samarbeide godt med andre
- Du er nøyaktig og er oppteken av kvalitet i arbeidet
- Du trivs i eit hektisk miljø og taklar stressande periodar.
- Du kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar
- Du trivst med nye arbeidsoppgåver og ein variert arbeidsdag
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Naudsynt opplæring
- Løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Jonas Lies vei 89, 5021 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Apotektekniker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Apotektekniker, Apotek, Sykehus, Produksjon, Logistikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393012713
- Sist endret