Statsautorisert rekneskapsfører
Økoråd Fjord AS avd Valldal
- Frist 28.02.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med på laget – Vi søker statsautorisert/erfaren rekneskapsfører til Økoråd Fjord AS i Valldal!
Bli med på laget – Vi søker statsautorisert/erfaren rekneskapsfører til Økoråd Fjord AS i Valldal!
Er du ein engasjert rekneskapsfører som brenn for moderne rekneskapsrådgiving? Ønskjer du å vere ein verdifull sparringspartnar for kundar og bidra til vekst i lokalt næringsliv? No har du sjansen!
Vi i Økoråd Fjord AS søker ein dyktig og framtidsretta rekneskapsfører til avdelinga vår i Valldal. Hos oss vil du ikkje berre føre tal – du vil gjere ein forskjell for kundane gjennom rådgiving, innsikt og tett samarbeid.
Kvifor velje oss?
Hos Økoråd Fjord AS får du: â Ein spennande arbeidskvardag der du jobbar tett med kundar og bidreg til deira suksess. â Fleksibel arbeidstid og moglegheit til å styre eigen arbeidsdag. â Eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø der vi heiar på kvarandre. â Gode moglegheiter for fagleg utvikling og nettverksbygging. â Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
- Rekneskapsføring A- Å
-
Oppdragsansvar
-
Økonomisk rådgjeving
-
Utarbeiding av årsoppgjer og skattemelding
-
Rapportering og analyse
- Skape gode kundeopplevingar gjennom innsikt og tett oppfølging
- Oppfølging av rekneskapsmedarbeidarar
Kven er du?
Vi ser etter ein person som:
-
Er statsautorisert rekneskapsfører eller har solid erfaring innan rekneskap.
-
Har relevant erfaring, gjerne med årsoppgjer.
-
Kjennskap til landbruksrekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav.
-
Er engasjert, løysingsorientert og trivst med kundekontakt.
-
Har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
-
Er sjølvstendig, men også ein god lagspelar.
Høyrast dette ut som noko for deg? Send oss ein søknad i dag! Vi ser fram til å høyre frå deg.
For meir informasjon eller spørsmål, ta kontakt på:
E-post: vibeke.antonsen@randstad.no
Mobil: 416 66 580
Om arbeidsgiveren
Vi er eit rekneskapskontor i ØkoRåd-kjeda med avdelingar på Nordfjordeid, Sandane, Valldal, Ulsteinvik, Hornindal og Stryn. Vi er totalt 30 tilsette (24 årsverk), av dei er 15 statsautoriserte rekneskaps-førarar, med ein god miks i alder og erfaring.
Målet vårt er å vere den føretrekte samarbeidspartnaren innanfor rekneskapsføring, økonomisk bistand og rådgjeving, og strategisk sparringpartnar.
- Sektor: Privat
- Sted: Grandegata 48, 6210 Valldal
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap, Revisjon
Nøkkelord
Regnskap A-Å, Regnskapsfører, Økonomi og regnskap, Økonomisk rådgivning
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393145829
- Sist endret