![Skjåk kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/11/4/393/150/554_c1b5c90b-07b5-43a2-b34f-1909e927317d.png)
Næringssjef
Skjåk kommune
- Frist 2.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Næringssjef Skjåk kommune
Ei spennande fjellkommune med ressursar til å utvikle næringslivet søkjer næringssjef.
Som næringssjef vil du få ansvar for å leie prosessar for næringsutvikling, slik at Skjåk blir anerkjent som ei god kommune å etablere seg og utvikle næringsverksemd i. Gjennom samarbeid med medarbeidarar i kommunen og næringslivet vil du vere med å leggje til rette for at Skjåk-samfunnet møter dei utfordringane kommunen står overfor på ein god måte.
Oppgåver
- Ansvar for å leie prosessar for næringsutvikling
- Rådgje og følje lokale bedrifter og gründerar i etablering og vidareutvikling
- Rådgjeving i næringsspørsmål til leiinga i kommunen
- Tilrettelegging, saksbehandling og oppfølging av politiske vedtak
- Strategiske planarbeid med oppfølging og utarbeiding
- Tilrettelegging for eksisterande næringsliv og etablerarar
- Budsjettansvar for avdelinga
- Ta aktiv del i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv
- Utvikling av nettverk og delta aktivt i kommunale og regionale næringsspørsmål
- Bidra til godt omdømme av kommunen i dialog med innbyggjarar, politikarar, arbeidstakarar og media
Næringssjefen vil ha eit sjølvstending ansvar for sitt arbeidsområde og rapporterer direkte til kommunalsjefen for tenesteområdet miljø- og samfunnsutvikling. Næringssjefen sit i kommunalsjefen si leiargruppe.
Kvalifikasjonar
- Ynskje med solid relevant erfaring frå privat eller offentleg verksemd
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, helst med økonomi og/eller innovasjon i fagkretsen. Søkjarar med annan relevant utdanning, bakgrunn og erfaring vil også kunne bli vurdert som aktuelle
- Erfaring med omstillings- og utviklingsarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
- Ynskje om at du har erfaring frå marknadsføringsarbeid
- God forståing av forholdet mellom næringsliv, politikk og forvaltningslova
Personlege eigenskapar
- Du har autoritet, tenkjer langsiktig og er samstundes ryddig og god til å planleggje
- Du er strategisk, analytisk, strukturert og utviklingsorientert og likar å jobbe i team
- Du har stor arbeidskapasitet og er ein aktiv initiativtakar med stor gjennomføringskraft
- Det vil bli lagt særleg vekt på dine evner til kommunikasjon- og samarbeidsevner, din evne til å engasjere og involvere
- Du taklar press frå ulike interessegrupper og er trygg i mediehandtering
- Du er god på relasjonsbygging og formidlingsevne
- Du er digital interessert og stor interesse for å ta i bruk dei "nyaste verktøya"
- Du har genuin interesse for lokalsamfunnet og næringslivet, samt eit ønskje om å bidra til bærekraftig utvikling
- Du er samarbeidsvillig, kreativ, innovativ, løsningsorientert og beslutningsdyktig
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Skjåk kommune kan tilby
- Ein spennande jobb i ein utviklingsorientert organisasjon
- Pensjonsordning KLP
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Fleksibilitet med tanke på delvis bruk av heimekontor
- Løn etter avtale
- Kompetansebygging for å kunne lukkast i stillinga
- Kommunen kan bistå med bustad om ynskjeleg
Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med ressursar for utvikling og unike fritidsmoglegheiter?
Spørsmål om stillinga kan rettas til kommunalsjef for miljø- og samfunnsutvikling Roger Johansen epost: roger.johansen@skjaak.kommune.no telefon 415 13 687
Søknadsfrist 2. mars 2025.
- Elektronisk søknadsskjema
- Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
Om arbeidsgiveren
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen omkransa av tre nasjonalparkar. Kommunen har 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt. Som innabygds buande har du fortrinnsrett på reinsjakt hjå den lokale grunneigaren.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Moavegen 30, 2690 Skjåk
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Koordinering, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Næringsutvikling, Strategisk planlegging, Innovasjon, Utvikling, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393150554
- Sist endret