Fagarbeidar i skulane i Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Bli fagarbeidar i Bjørnafjorden kommune!
Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for barn og unge, og vil bidra aktivt for å skape trygge og inkluderande læringsmiljø for elevane våre.
Gjeldande satsingsområdar for skulane i vår kommune er trygge og inkluderande skulemiljø, og lesing i alle fag. I Bjørnafjorden kommune skal alle med!
Elevane tilbringar mykje tid på skulen og det er viktig at dei er omgitt av trygge vaksne med oppdatert fagkompetanse, som viser engasjement og interesse for den enkelte elev i skulekvardagen og som legg til rette for motivasjon og trivsel. Dette er avgjerande for at vi skal nå dei måla vi har satt oss. Viss du kjenner deg igjen i dette, vil vi gjerne høyre frå deg!
Som fagarbeidar i Bjørnafjorden kommune skal du følge opp elevar og elevgruppar med ulike utfordringar. Du skal samarbeide tett med lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar og bidra til å skape ei vi-kultur rundt arbeidet mot elevane og dei føresette.
Kva ønsker elevane seg frå dei vaksne?
Elevane våre veit akkurat kva dei ønsker seg frå dei vaksne på skulen. Sjå filmen i utlysinga og høyr kva dei meiner er viktigast. Ser du utlysinga på PC, finn du lenke til video oppe til høgre i utlysinga.
Informasjon om skulane i Bjørnafjorden kommune
Kommunen har 14 barneskular og 3 ungdomsskular med til saman 3357 barn.
Skulane har ledig fleire fagarbeidarstillingar frå skulestart i august, både fast og mellombels tilsetjing.
Vi tilbyr:
- Kontinuerleg fokus på læring og fagleg utvikling
- Etablerte prosjekt for arbeid med skulemiljø og førebyggjing av vold og truslar
- Etablerte ordningar for etter- og vidareutdanning
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og gode kolleger
Vi ønsker å ha mangfald på arbeidsplassane som gjenspeglar befolkninga og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Vi gler oss til å ta imot nye kollegaer til skulestart og håpar du vil vere med oss på laget!
For å søkja, klikk på «Søk her» øverst på sida, og velg den skulen som er aktuell for deg.
Informasjon om søknadsprosessen:
Vi oppmodar til å ikkje vente med å sende inn din søknad, då vi vil karleggje kandidatar fortløpande.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent, Skoleassistent, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fagarbeider, skole, skoleassistent, barn, fagbrev
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393198713
- Sist endret