![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2022/9/vertical-5/08/6/e4a/1a9/50-/2f5/c-1/1ed/-a8/de-/577/aaa/e47/da6_713608621.png)
Kom med på laget! Vi søkjer helsefagarbedar 75 % og 100% på somatisk langtidsavdeling!
Osterøy kommune
- Frist 2.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidar 75% - 100% faste stillingar
Osterøytunet ligg i nydelege naturomgjevnadar på Hauge, eit knutepunkt på Osterøy, og er Osterøy kommune sin einaste sjukeheim.
På Osterøytunet jobbar vi saman for å skape ein heim der alle bebuarar føler seg trygge, ivaretekne og verdsette. Vi har fokus på å tilby heilskapleg omsorg av høg kvalitet, der både fysisk og psykisk helse er viktig. Gjennom fagleg dyktigheit, omsorg og engasjement arbeidar vi for å gje kvar enkelt bebuar ein meiningsfull og god kvardag fylt med respekt, glede og fellesskap.
Vi er organisert i tre avdelingar med totalt sju grupper og 65 einsengsrom for somatiske lidingar, demens og korttidsplassar. Vi er godt i gang med prosjektet "Tid for handling" der vi ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og har oppretta sjukepleiarteam. Som helsefagarbeidar ved sjukeheimen vår har du ei viktig rolle i det å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre, samt dagleg drift på gruppa. Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar og vi planlegg kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver og ansvarsområde. Dette er ein spennande og givande rolle der du får utvikla deg som fagperson! Sjukeheimen har eige kjøken og eigen lege.
Vi ser etter deg som ønskjer å bli med på laget på sjukeheimen vår. Vi har for tida ledige stillingar som helsefagarbeidar i både 100% og 75%, der ein stilling på 100% er eit svangerskapsvikariat, medan det også er ein 100% stilling som er fast. Vi har to ledige stillingar på 75% storleik som er fast, der ein av desse mogleg vil aukast noko. Om du ønskjer ein spesifikk stillingsstorleik snakkar vi gjerne nærare om dette ved eit eventuelt intervju.
Stillingane har ordinær todelt turnus dei vi arbeidar kvar tredje helg, forutan om vikariatstillinga som har arbeid kvar fjerde helg.
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss dersom du finn dette interessant eller om du ynskjer å bli ein del av den flotte sjukeheimen vår som vi er så stolte av!
Arbeidsoppgåver til stillinga
Som helsefagarbeidar på Osterøytunet vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåver. Det å yte fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientar med somatisk behov vil vere ein sentral, viktig og kontinuerleg oppgåve. Observasjon og vurdering av pasientanes helsetilstand vil og naturleg høre til rolla som helsefagarbeidar, samt å gje bistand og rettleiing ut frå den enkelte pasienten sine behov.
På Osterøytunet arbeidar vi med målretta miljøarbeid og du som fagperson vil ha ei sentral rolle inn i sikring av eit positivt, inkluderande og fagleg arbeidsmiljø. Du vil handtere og nytte digitale plattformar og journalsystem, og du vil bli tildelt primærkontaktoppgåver.
Vi vil sjølvsagt syte for at du får naudsynt opplæring når du blir vår nye kollega. Leiinga og kollegagruppa vil ta deg godt imot, heie på deg og støtte deg slik at du opplever meistring i din arbeidskvardag, og vi forventer det same av deg som vår nye kollega.
Vår nye kollega kan forvente
- Ei spanande og gjevande stilling
- Moglegheit til å samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
- Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus. Alle tilsette får kome med ønskje og innspel til ny årsturnus som normalt skjer om hausten
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår som offentleg tilsett. Våre forsikringar er for tida plassert hjå KLP
- Leiarar og kollegaer som står klar til å ta varmt imot deg, og som gler seg til nettopp du blir ein del av vårt lag!
Naudsynte og ønskjelege kvalifikasjonar for stillinga
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar eller hjelpepleiar. Oppgje gjerne ditt HPR-nummer i søknaden din
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Erfaring frå pleie og omsorg er ein fordel, men ikkje eit krav. Det vil bli gitt opplæring på arbeidsplassen
- Interesse for arbeid med eldre og forståing av deira behov vil vere ein føresetnad i arbeidet
- Gode samarbeidsevner er viktig, men det er også viktig at ein evner å arbeide godt sjølvstendig og ta gode avgjerdsler
- Grunnleggjande IT- kunnskaper for bruk av digitale plattformer og journalsystem vil vere eit føremon
- Relevant vidareutdanning er ein fordel men ikkje eit krav. Om du går med ønskje om å vidareutdanne deg, ønskjer vi og gjerne å høyre om dette!
Kven er du?
Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss for ein hyggeleg prat!
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg, Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Nøkkelord
helsefagarbeider, omsorg, pleie, eldreomsorg, somatisk
Fotograf: Eivind Senneset (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393215436
- Sist endret