![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2023/8/vertical-5/03/0/bf9/7fb/10-/31e/e-1/1ee/-ae/3c-/eb1/c18/372/170_1224156301.png)
Rådgjevar/førstekonsulent i avdeling for urfolk og nasjonale minoritetar
Kommunal- og distriktsdepartementet
- Frist 10.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med politikk for samar og nasjonale minoritetar?
Dette er stillinga for deg som er samfunnsengasjert, og som kunne tenkt deg å ha ei koordinerande rolle innanfor eit viktig arbeid med politikken for samar og nasjonale minoritetar.
Avdeling for urfolk og nasjonale minoritetar har 17 medarbeidarar fordelt på to grupper, ei med juristar og ei primært med samfunnsvitarar. Vår oppgåve er å gjennomføre og følgje opp regjeringa sine mål på politikkområdet for samane og dei nasjonale minoritetane. Vi har ei nyoppretta, ledig stilling for deg som vil jobbe på desse politikkområda, fordi vi skal styrke laget for å følgje opp sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport. Samstundes får du delta i avdelinga sitt arbeid på andre område.
Du vil jobbe i skjeringspunktet mellom fag og politikk, i tett samarbeid med fleire kollegaer i avdelinga. I tillegg vil du ha eit omfattande samarbeid med andre departement, direktorat, nasjonale minoritetar sine interesseorganisasjonar og Sametinget. Vi ser derfor for oss at du likar å ta kontakt og ha dialog med andre, då arbeidet mellom anna vil vere å hente inn informasjon og perspektiv frå andre, og bruke dette i det vidare arbeidet.
Dette får du jobbe med
Du vil bli ein del av ei gruppe som skal følgje opp Stortinget sine vedtak om sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport og bidra til å vidareutvikle politikken på feltet.
Dette er ei variert stilling, der du òg får arbeidsoppgåver frå andre delar av avdelinga si portefølje. Du vil mellom anna få jobbe med å
- utarbeide beslutningsnotat til statsråden og regjeringa
- bidra til å svare på spørsmål frå pressa på dine fagområde
- førebu fagleg innhald og administrere møter og arrangement
Vi søkjer deg som har
- fullført relevant utdanning på masternivå
- god forståing for rolla som fagleg sekretariat for politisk leiing
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ønskjeleg at du har
- erfaring med samordningsoppgåver
- erfaring frå offentleg forvaltning
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk
Kunnskap om og/eller interesse for avdelinga sine arbeidsområde, og/eller til samar og nasjonale minoritetar sine språk og kultur er ein fordel.
Karakterar vil bli vektlagd.
For å kvalifisere for stillingstittelen rådgjevar, må du ha minst tre års relevant erfaring.
Personlege eigenskapar
For å trivast og lukkast i denne stillinga, ser vi for oss at du
- er lydhøyr og samarbeider godt med andre
- er fleksibel, tilpassingsdyktig og tek initiativ
- held god oversikt og framdrift i komplekse saker med mange samarbeidspartnarar
Vi vil legge stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.
Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi tilbyr
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr
- kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø
- fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommartid
- arbeidsplass sentralt i Oslo sentrum
- moglegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne- forsikrings- og pensjonsordningar
- eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette, eige bedriftsidrettslag og bedriftshelseteneste
Som ny i KDD får du heilt frå starten av oppgåver som utfordrar deg, og du får ein fadder som følgjer deg opp. Departementet har eit introduksjonsprogram der du blir kjend med nytilsette i dei andre avdelingane. For tilsette under 40 år er det ei eiga foreining, Ung i KDD. Nettverket skal bidra til å skape ein arena der unge i departementet kan møtast jamleg til faglege og sosiale samankomstar. Ønskjer du å vite meir om korleis det er å jobbe hos oss, kan du lese meir her: Tilsette om KDD - Jobb i KDD (regjeringen.no). (https://nettsteder.regjeringen.no/jobbikdd/)
Løn: Stillinga er løna som førstekonsulent eller rådgjevar, frå kr 560 000 - 720 000 pr. år. Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Autorisasjon og sikkerheitsklareiring: Tilsette i Kommunal- og distriktsdepartementet må kunne sikkerheitsklarerast og autoriserast for tilgang til informasjon etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her (https://nettsteder.regjeringen.no/jobbikdd/rekrutteringsprosessen/).
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» øvst på denne sida.
Vi er opptekne av kva du kan, erfaringane dine og kompetansen du har, og vil derfor stille deg nokre faglege spørsmål, framfor å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykker på "Søk stillinga", kjem du til rekrutteringsportalen og må logge inn. I portalen er det viktig at du:
- Svarar på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst.
- Fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for bl.a. å vareta kravet om fullstendige søkjarlister.
Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vera tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Les meir om inkludering og mangfald her. (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten)
KDD nyttar Semac bakgrunnssjekk i gjeldande rekrutteringsprosess. Bakgrunnssjekk blir utført etter samtykke frå kandidaten, og inneber mellom anna at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. Tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
I samsvar med offentleglova §25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.
Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga: Kontakt avdelingsdirektør Kristin Solbjør på tlf. 977 69 814 eller e-post Kristin.Solbjor@kdd.dep.no. For spørsmål om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgjevar i DSS, Tale Fredriksen, på tlf. 908 43 773 eller e-post Tale.Fredriksen@dss.dep.no.
Om arbeidsgiveren
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har om lag 250 tilsette og er sekretariat for kommunal- og distriktsministeren.
Departementet har ansvar for kommuneøkonomi og lokalforvaltning, regional- og distriktspolitikk, bustadpolitikk, plan- og bygningslova, kart- og geodatapolitikken, valgjennomføring og politikken overfor samar og nasjonale minoritetar. Departementet har fleire underliggande etatar og verksemder, som Direktoratet for byggkvalitet, Distriktssenteret, Husbanken, Husleigetvistutvalet, Internasjonalt reindriftssenter, Kartverket og Valdirektoratet.
Avdeling for urfolk og nasjonale minoritetar har til oppgåve å gjennomføre og følgje opp målet til regjeringa i politikken for den samiske befolkninga og dei nasjonale minoritetane: jødar, kvener/norskfinnar, romar, skogfinnar og romanifolket/taterar.
Avdelinga følgjer òg opp målet til departementet om arbeid for heilskap og samanheng i politikken for samar og nasjonale minoritetar på tvers av sektorar og forvaltningsområde. Avdelinga hjelper departementa i kontakten med Sametinget og organisasjonane til dei nasjonale minoritetane.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 59, 0180 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Saksbehandler
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393290727
- Sist endret