![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2024/3/vertical-5/01/2/7d5/d2d/30-/d7c/d-1/1ee/-a4/d1-/9fc/019/5b1/b82_1839512683.jpg)
IKT-konsulent/Systemforvalter
Helse Vest IKT
- Frist 2.3.2025
- Ansettelsesform Fast
IKT-konsulent/Systemforvaltar
Bak alle dei lysande skjermane og dei store, viktige systema som bidreg til å halde sjukehusdrifta i gang, står Helse Vest IKT. Vi forvaltar både dei kliniske og administrative systemløysingane for alle sjukehusa og andre helseføretak i Helse Vest. Vi er ei av dei største IT-verksemdene i Vest, og fokuset vårt er alltid pasienten.
I katalogen vår har vi alt frå komplekse regionale system, til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er særs kritiske i pasientbehandlinga, og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet. Vi står midt mellom dei som lagar programvara, og dei som skal bruke ho - vi er bindeleddet. Det er difor viktig at våre forvaltarar både forstår og evnar å snakke sjukehusspråk på kundesida, og teknikarspråk med våre leverandørar.
Avdeling Tenesteutvikling har forvaltingsansvar for dei fleste systema våre. Dette inkluderer mellom anna endringshandsaming, planlegging og gjennomføring av oppgraderingar, system- og prosessforbetring, tett dialog med leverandørane våre, og 3. linje sakshandsaming.
Vi har no ledig fast stilling i Team Bio. Team Bio jobbar med diverse system som blir brukte i pasientbehandlinga, blant anna i samband med kirurgi, intensivbehandling, legemiddelproduksjon, innanfor fagfelta reumatologi, hørsel og beredskap, og systema som høyrer til mor/barn-porteføljen. Personen vi søkjer etter vil ha hovudfokus på operasjonsplanleggingsverktøyet Orbit, i tillegg til andre system som er i bruk i pasientbehandling.
Helse Vest IKT har kontor i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger, og vi er opne for å avtale arbeidsstad. Søkjarar vil bli vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Forvalting og vidareutvikling av ulike system brukt av ulike avdelingar i sjukehusa i Helse Vest
- Konfigurasjon og oppsett i enkelte av systema
- Vere tolk og bindeledd mellom leverandør og kunde (sjukehus)
- Ha 3. linje-rolla, vere siste støtteinstansen før saka går over til leverandør
- Produsere kunnskapsprosedyrar og annan dokumentasjon
- Både forstå systemet og funksjonaliteten, samt behovet til kunden
- Sakshandsaming, både brukarstøtte, feilsituasjonar og leveransar
- Fungere som knutepunktet mellom oss, leverandørar, andre eksterne og helseføretaka.
- Organisere og delta i testing i samband med nye utrullingar, oppgraderingar og feilrettingar
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets- og/eller høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT og/eller helsefagleg utdanning
- Erfaring med forvalting av IKT-system og -løysingar vil vere ein føremon, men er ikkje eit krav
- Kjennskap til prosessar i sjukehusa vil vere ein føremon, men er ikkje eit krav
- Erfaring frå prosjektarbeid er ein føremon
- Må kunne kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode relasjonelle ferdigheiter - du ser alle sine behov og klarar å formidle det som skal til
- Du likar å tileigne deg ny kunnskap og ta tak der det trengst
- Du er tydeleg - du har ikkje telefonskrekk, frykt for å ta ordet eller vere ærleg om det som manglar
- Blikk for detaljar - du er løysingsorientert og feilsøkande, og har evna til å løfte blikket og sjå heilskapen
- Smittsam personlegdom - i ein pressa situasjon klarar du å få fram det positive og gjere frustrasjon om til løysingsjakt
- Deling av kunnskap – du ser verdien av å dele kunnskap med dine kollegaer, kundar og andre samarbeidspartnarar
- Nyfiken – du er nyfiken og torer å spørje for å betre forstå
- Initiativ – du ser behovet for og evnar å ta ansvar og styring når situasjonen krev det
- Teknisk forståing – du er både interessert i å finne ut av og evnar å forstå korleis ting heng saman
- Interesse for vidareutvikling og forbetring av løysingar – du må brenne for å gjere ting betre og levere gode tenester til kundane våre
Vi tilbyr
- Ein trygg arbeidsstad med gode pensjonsordningar
- Ordinær arbeidsdag er 7,5 timar, inkludert lunsj
- Gode utviklingsmoglegheiter, både kompetansemessig og karrieremessig
- Inkluderande og kunnskapsrike kollegaer som alle jobbar for det felles beste
- Fleksibel og moderne arbeidstidsordning
- Moderne maskinvare og utstyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen til å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
systemforvalter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393314658
- Sist endret