![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2023/10/vertical-5/13/b/2d3/9d8/60-/69c/a-1/1ee/-be/75-/f3b/a90/d15/8eb_945072232.jpg)
Forvaltningsjurist - seniorrådgiver / rådgiver
Møre og Romsdal politidistrikt
- Frist 06.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Forvaltningsjurist
Vil du bidra i politiets viktige arbeid på forvaltningsområdet? Vi har no ledig ei spennande stilling som forvaltningsjurist, seniorrådgivar/rådgivar, i Møre og Romsdal politidistrikt.
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til det kriminalitetsførebyggjande arbeidet ved forvaltninga og til fagutvikling innan forvaltningsområda. Du kan arbeide sjølvstendig i eit hektisk arbeidsmiljø med stort sakstilfang. Du er engasjert og fagleg nysgjerrig, med gode samarbeidseigenskapar og vilje til å spele andre gode.
Forvaltningsjuristen vil ha eit tett samarbeid med seksjonsleiar på forvaltning, andre forvaltningsjuristar og saksbehandlarar innanfor forvaltningsområdet i seksjonen og politidistriktet samla sett. Du vil også ha kontakt med samarbeidande etatar og aktørar, til dømes Statens vegvesen, Mattilsynet og kommunane i distriktet. Eksternt kan det vere aktuelt med foredrag og rettleiing. Noko av publikumskontakten vil gå føre seg på andre språk, fortrinnsvis engelsk.
Stillinga er for tida organisert ved Seksjon for forvaltning som er ein av fire seksjonar under felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie (FUFSR). Seksjonen har ansvaret for forvaltningsområda til politiet, under dette våpen, førarkort, køyresetlar, vedtakslinje pass/id-kort, vaktverksemd, brukthandel og hundesaker. Seksjonen har elleve tilsetje med variert bakgrunn, utdanning, erfaring og alder. Seksjonen har tilsette fordelt på lokasjonane Kristiansund politistasjon og Hustadvika politistasjon.
Arbeidstad er Kristiansund politistasjon eller Hustadvika politistasjon. Du må rekne med noko reise i samband med jobben.
Medarbeidarane på seksjonen ivrar for forvaltningsoppgåvene til politiet og moglegheita forvaltningssporet gir til å førebyggje kriminalitet og ulykker. Vi jobbar etter prinsippa i medarbedeiderplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på.
Arbeidsoppgåver
- Gjere vedtak og avgjerder på forvaltningsområdet
- Bidra til kriminalitetsførebyggjande arbeid i forvaltninga, spesielt gjennom sakshandsaming av bekymringsmeldingar og tilbakekallingssaker
- Vere rådgivar for saksbehandlar på forvaltningsområdet og bidra til faglege avklaringar
- Delta i opplæring, fagutvikling, rutineutvikling, kvalitetssikring og oppfølging av fag og metode innan politidistriktet si forvaltning
- Leggje til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og kompetansedeling innanfor forvaltningsområda til politiet
- Sørgje for å implementere god praksis og følgje opp sentrale krav og føringar
- Utføre og skrive juridisk forklaringar og høgringfråsegner innanfor fagfelta
- Interne og eksterne foredrag og rettleiing av samarbeidspartnarar
- Andre arbeidsoppgåver etter behov
Særskilt arbeidsoppgåve for seniorrådgivar i tillegg til det ovennevnte:
- Fag- og opplæringsansvar for enkelte fagområde innan forvaltninga
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen
- Kjennskap til offentleg forvaltning og saksbehandling
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
- God munnleg formidlingsevne på engelsk
- God digital kompetanse
For seniorrådgivar gjeld følgande i tillegg:
- Minimum tre års relevant erfaring frå offentleg forvaltning og saksbehandling
- Særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Ønskeleg:
- Utdanning/spesialkurs innan forvaltning
- Relevant arbeidserfaring frå offentleg forvaltning og saksbehandling
- Erfaring frå arbeid med forvaltningsoppgåvene til politiet
- Erfaring med rettleiingsoppgåver og opplæring av andre
- God skriftleg framstillingsevne på engelsk
- God kjennskap til saksbehandlingssystema og registra til politet
Andre krav:
- Ein må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Søknader som ikkje har vedlagt slik godkjenning vil ikkje bli behandla.
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å ta sjølvstendige vurderingar, tek initiativ og ansvar
- Du er engasjert og fagleg nysgjerrig, med evne til å fordjupe deg i faglege problemstillingar
- Du har evne til å kommunisere klart og tydeleg, i komplekse saker og i rettleiingsarbeid
- Du er god til å dele kunnskap og jobbe tett med andre for å fremme kompetanseutvikling
- Du har stor arbeidskapasitet og er god på å handtere stress, med evne til å prioritere og jobbe effektivt og strukturert
- Du er motivert og positiv, med evne til å bidra til eit godt fag- og arbeidsmiljø
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjer våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- En utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme framtida til politiet
- Fast stilling som seniorrådgivar (stillingskode 1364) - brutto årslønn frå kr. 650 000,- kr. 750 000-, alternativt som rådgivar (stillingskode 1434) – brutto årslønn frå kr. 565 900,- til kr. 667 000,-
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Endeleg plassering i stillingskode og lønn er avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar.
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Om arbeidsgiveren
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storgata 43, 6508 Kristiansund N
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Jurist, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
jurist, rådgiver, seniorrådgiver, politi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393353910
- Sist endret