Helsefagarbeidar - 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
- Frist 03.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du helsefagarbeidar og vil bidra til utvikling av tenestene våre?
Vi har ledig 100 % stilling som helsefagarbeidar i heimetenesta ved Fusa bu- og behandlingssenter og heimetenester. Dette er ein unik moglegheit for deg som ønskjer å vere med på å vidareutvikle tenestene våre, og sikre kvalitet i omsorga for brukarane.
Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter
Arbeidsoppgåver
- Utøve praktisk pleie og omsorgsoppgåver i heimen
- Dokumentere helsehjelp i Profil
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Planlegge, iverksette og evaluere tiltak
- Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande
- Halde deg fagleg oppdatert gjennom e-læringskurs og intern opplæring
Stillinga er i turnus på dag/kveld med arbeid 3. kvar helg.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande utdanning. Anna helsefagleg utdanning og lang erfaring kan bli vurdert
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Gode norske språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må legga fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode evner til observasjon og dokumentasjon
- God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
- Bidra til godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Leitet 28, 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
Helsefagarbeider, Fagarbeider, Hjemmehjelp, Hjemmetjeneste, Eldreomsorg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393362126
- Sist endret