Fysioterapeut driftsavtale 100% Straume
Øygarden kommune
- Frist 20.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Helse, meistring og rehabilitering
Informasjon om arbeidsstad og innhald i avtalen.
Øygarden kommune har ledig driftsavtale for fysioterapeut, psykomotorikk.
Det er i dag en 50% avtale denne vert auka til 100%. Fysioterapeuten som sluttar skal over i annan stilling.
Det er 2 fysioterapeutar som pr. i dag driv avtale i Mova sine lokalar på Straume begge avtalane er relativt nyoppretta. Det er ynskjeleg at desse to dannar eit fysikalsk institutt
Øygarden kommune har 11 driftsavtalar geografisk plassert i Øygarden kommune og 55% i Bergen kommune (retta spesielt mot barn)
Driftsavtalane fysioterapeutane vert administrert frå er eininga Helse, meistring og rehabilitering.
Arbeidsoppgåver:
- Psykomotorisk fysioterapi; individuelt og i grupper
- Aktiv tilnærming til pasientane
- Rettleiing til eigenmestring og fysisk aktivitet
- Driva kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helsetenesta
Kvalifikasjonar:
- Søkjar må vera offentleg godkjend fysioterapeut
- Psykomotorisk fysioterapeut med rett til å utløysa A9- takst
- Klinisk kompetanse og erfaring med undersøking, vurdering og behandling innan psykomotorisk fysioterapi
- Variert erfaring frå ulike pasientgrupper med psykiske og samansette lidingar
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid på ulike nivå og ha god kjennskap til norsk helsevesen
- Evne til å driva privat fysioterapipraksis med avtale heimel
- Må ha gode munnleg og skriftleg norske språkferdigheiter
- Søkjarar som i tillegg til psykomotorisk fysioterapi har annan vidareutdanning/kompetanse som er relevant for kommunen sitt tenestetilbod og behov, kan verta føretrekt. (eks. kompetanse innan lymfedrenasje)
- Erfaring får å driva behandling i gruppe
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Engasjement og serviceinnstilt
- Evne til refleksjon rundt eiga rolle som fysioterapeut og ansvarsområde, samhandling og pasientforløp
- Det å vera personleg egna vert vektlagt
Anna
Krav om fagleg oppdatering innan fysioterapifaget
Tildeling av avtale heimel vil skje på dei vilkår som kjem fram av ASA 4313. Alle søkjarar må legge ved relevante vitnemål, referansar og HPR-nr. Ved tildeling krev ein politiattest som nemnd i Helse- og omsorgstenestelova.
Ved tildeling vert det lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, evne til å driva privat fysioterapipraksis og det å vera personleg egna.
Praksisen skal drivast etter Lov om helsetenester i kommunen og anna relevant helselovgiving og dei vilkår som kjem fram av ASA 4313
Kontakt:
Liv Møen tlf 55096855/ 97540530
Einigsleiar for Helse, meistring og rehabilitering
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Fysioterapeut
Nøkkelord
fysioterapeut, psykomotorisk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393447304
- Sist endret