Tilkallingsvikar/Sommervikar
Bufetat
- Frist 05.03.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Miljøterapeut
Sandnes ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon som ligg i Sandnes kommune. Eininga ligg flott til i eit triveleg nabolag, og har nydeleg utsikt utover Sandnes og Stavanger. Me er ein omsorgsinstitusjon med to avdelingar og 4 plassar på kvar avdeling. Avdeling Minde 1 er for barn mellom 8 og 13 år, mens Minde 2 er for ungdom mellom 13 og 18 år. Det er 4 plassar på kvar avdeling. Begge avdelingane har eigne avdelingsleiarar.
Ved Sandnes ungdomssenter har me hatt ein spennande utvikling kor me har forsterka eininga vår med bemanning og kompetanse. Me har i denne prosessen implementert ny fagmodell; Omsorg- og endringsmodellen (OEM). Modellen byggjer på kognitiv terapi og dialektisk åtferdsterapi (DBT). Avdelingane har eigne fagansvarlege miljøterapeutar som følgjer opp modellen i det daglege.
På Minde 1 og Minde 2 har me behov for tilkallingsvikarar og sommervikararer. Behovet for tilkallingsvikarar og sommervikarar kan auke.
Me søkjer deg som er ein trygg, tydeleg, omsorgsfull og tillitvekkjande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med- og for barn og ungdom.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta barna med god omsorg og trygge rammar gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Delta på ulike interne møter som overlapping mellom vaktlaga.
- Skriftleg dokumentasjon i samband med dagleg loggføring i Birk og anna skriftleg dokumentasjon.
- Noko kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
- Daglege oppgåver på avdelinga.
- For helgestillinga: Følgje opp barna og ta dei med på aktivtetar og gje dei gode opplevingar.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) bachelor tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan lærer,sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Søkarar med påbegynt sosialfagleg høgskuleutdanning kan og søke.
- Søkarar uten relevant bachelor, men med relevant praksis kan vurderast.
Me ser etter deg som
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Er sjølvstendig i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid
- Gode IKT-ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- Har god fysisk og psykisk helse.
- Har førarkort for personbil kl. B.
Det er ønskeleg med
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar
- Du rommar barna og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring.
- Du er engasjert, og har evne til å motivere andre.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar, og tålar hektiske og spanande kvardagar.
- Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du har evne til å analysera utfordringar og vurdera forslag til løysing.
- Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 480 000 - 605 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 532 200 - 645 000pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 548 500 - 645 000 pr. år .
- Ved tilsetjing i deltidsstilling kan følgjande stillingskodar vere aktuelle. 1486 miljøarbeidar, p.t.kr 400 000 - 500 000. 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 432 800 - 530 000 eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 450 000 - 550 000.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Du vert del av ei engasjert og fagleg dyktig personalgruppe som tek vare på kvarandre.
- Vi vil tilby deltaking i avdelingsmøte minimum ein gong i månaden, på dagtid onsdagar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sandnes ungdomssenter, avdeling Minde 1 og Minde 2.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Mindeveien 8, 4327 Sandnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøterapeutar, Sommervikarer, Tilkallingsvikarer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393452801
- Sist endret