![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2024/3/vertical-5/01/2/7d5/d2d/30-/d7c/d-1/1ee/-a4/d1-/9fc/019/5b1/b82_1839512683.jpg)
Utskriftsadministrator, Hardware
Helse Vest IKT
- Frist 2.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Utskriftsadministrator, Hardware
Seksjon for Lokalstøtte har ansvar for drift og forvalting av Helse Vest sitt sluttbrukarutstyr som blir brukt i det daglege, for eksempel PC, skjerm, tastatur, mus, skrivar, skannar og strekkodelesar. Seksjonen består av 34 tilsette som er lokaliserte i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er at tilsette i Helse Vest skal ha velfungerande og trygge IKT-arbeidsverktøy.
No søkjer vi ein administrator for utskrifts- og dokumenttenesta, som skal ha hovudfokus på maskinvaresida av tenesta. Stillinga vil inngå i eit team saman med personar som driftar den sentrale skrivartenesta og andre ressursar rundt tenesta.
Stillinga kan ha arbeidsplass i Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde.
Arbeidsoppgåver
- Drift, standardisering og kontinuerleg forbetring av skrivarparken i Helse Vest
- Sørge for lokal sikkerheit i skrivarparken
- Holde skrivarparken oppdatert med nyaste firmware og drivarar
- Bidra til kravspesifikasjon i anskaffing av nye skrivarar
- Opprette og vedlikehalde rutinar og prosedyrar
- Kommunikasjon med kundar og leverandørar ved feil og manglar
Kvalifikasjonar
- God erfaring med drift og feilretting av skrivarar
- God forståing av ein skrivar sin verkemåte og funksjonar
- Førarkort, klasse B
- Relevant fagbrev eller anna relevant utdanning kan vere ein føremon, men er ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Systematisk
- Sjølvgåande
- Initiativrik
Vi tilbyr
- Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Moglegheit for å vere med og forme framtidas IKT-løysingar innanfor helse
- Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet
- Deltaking i spanande oppgåver innanfor lokale og regionale prosjekt
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ibsens gate 104, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Professor Olav Hanssens vei 7a, 4021 Stavanger, ØVREGATA 126, 5527 Haugesund, Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
hardware
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393452981
- Sist endret