Er du vår nye Talknusar?
Sogndal kommune Sogndal kommune
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye Talknusar?
Sogndal kommune er i vekst, og skal som ein av få distriktskommunar møte ei veksande og ung befolkning i åra som kjem. Ein viktig del av dette arbeidet er å syte for god og trygg økonomisk styring, og det betyr å endre styringsmodellane våre. Ein del av dette arbeidet er å bygge eit moderne styringssystem basert på prinsippa i Beyond Budgeting der Sogndal er den første kommunen i landet. No ser vi etter ein talknusar ein økonomisk lagspelar med sterk økonomifagleg innsikt og mot til å bryte etablerte tankesett som har lyst å vere med å bidra til å løyse det viktige samfunnsoppdraget me har for innbyggjarane i åra som kjem
Som talknusar blir du sentral i utviklinga av vår nye økonomistyring. Du vil spele ei nøkkelrolle i å skape eit tilpassingsdyktig og tillitsbasert system som prioriterer verdiar, prinsipp og læring og som alltid har innbyggjaren i fokus. Sogndal kommune skal som resten av kommune-Noreg gjennom store omstillingar i åra som kjem, som også utfordrar det økonomiske handlingsrommet. Gjennom 2024 har me lagt eit solid grunnlag, saman med tillitsvalde og tilsette, for å gjennomføre ei grunnleggande omstilling av måten me jobbar på i framtida.
Dette får du vere med på:
Bygge eit heilt nytt styringssystem tufta på verdiane samskapande, open, god og nysgjerrig
Utfordre etablerte økonomiske praksisar og finne innovative løysingar
Jobbe i lag med kollegaar, innbyggjarar og samarbeidspartnarar for å løyse komplekse utfordringar
Sikre ressursstyring som prioriterer det som faktisk betyr noko ikkje berre det som står i budsjettet
Levere økonomiske analysar som skapar innsikt og fremjar utvikling for dei tilsette i sin kvardag, og bidreg til å drive meir kostnadsmedvitne tenester
Kva gjer deg til ein ideell talknusar?
Du har sterk økonomikompetanse og evne til å navigere i komplekse system
Du er ein analytisk tenkjar som er komfortabel med å utfordre etablerte tankesett
Du likar å jobbe i team og verdset andre sine perspektiv
Du delar informasjon ope, tek initiativ og bidreg til å skape framdrift
Du bryr deg om samfunnsutviklinga i Sogndal og Sogn, og er motivert av å bidra til eit betre liv for innbyggjarane
Du veit at verda treng boksar og rammer, men forstår at me må gjere innsikta tilgjengeleg for dei tilsette som møter innbyggjar kvar dag slik at me kan gjere gode val i kvardagen
Du kan finne glede i å fordjupe deg i tema som kraft, skatt og andre kommunale særproblemstillingar
Kvifor skal du velje oss?
I Sogndal kommune vil du oppleve:
Ein arbeidsplass som prioriterer læring, vekst og personleg utvikling
Kollegaar som bryr seg om å gjere ein forskjell
Ei unik moglegheit til å vere med og forme framtidas kommune og lokalsamfunn
Ein fagleg spennande jobb med høve til å eksperimentere, lære og lukkast i eit skapande miljø
Konkurransedyktige vilkår og fleksible arbeidsformer
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Riverdalen 5, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
Nøkkelord
økonomi, reknskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393494084
- Sist endret