![Ulstein Verft AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/320w/logo/object/80362652/ulstein_logo_cmyk__5767286584904485131_medium_52931391796141485.png)
Anleggs- og vedlikehaldssjef
Ulstein Verft AS
- Frist 06.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Anleggs- og vedlikehaldssjef
Ulstein Verft bygger avanserte spesialfartøy og tilbyr eit breitt spekter av tenester innan nybygg og ettermarknad. Vi er inne i ei spennande periode med mykje aktivitet, og vi søker derfor etter ein engasjert og initiativrik anleggs- og vedlikehaldssjef. Stillinga vil ha ansvar for oppfølging av alle bygg, anlegg og utstyr til Ulstein Verft Eigedom (UVEE), og du vil vere ansvarleg for å forvalte eigedomar og utstyr for UVEE sine fasilitetar på Osneset.
Stillinga inneberer både sjølvstendig arbeid og lagarbeid, og vi ser etter deg som ser moglegheiter og nye løysingar. Rolla rapporterer til viseadministrerande direktør i Ulstein Verft.
Arbeidsoppgåver
- Forvaltning, drift og vedlikehald av UVEE sine eigedomar, bygningar og utstyr på Osneset
- Budsjett- og resultatansvar for området
- Sørge for at bygg, anlegg og utstyr har vedlikehaldssystem som bidreg til eit godt preventivt vedlikehald og forvaltning
- Ansvar for vedlikehalds- og driftsavtalar knytt til ansvarsområdet
- Ansvar for innkjøp av nødvendig driftsmateriell
- Stillinga inneber personalansvar for området Anlegg og Vedlikehald
Kvalifikasjonar og erfaring
Vi ønsker å kome i kontakt med deg som har bygg- eller maskinteknisk bakgrunn på bachelornivå eller høgare. Kandidatar med lengre relevant praktisk erfaring utan formelt utdanningsnivå som indikert vil bli tatt i betraktning. God økonomisk forståing i relasjon til forvaltning av anlegg er ein eigenskap vi ser etter ved denne tilsettinga, i tillegg til å ha gode kommunikasjonsferdigheiter.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på ein variert og interessant jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Vi er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette.Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon!
I hjartet av Sunnmøre
Ulsteinvik og kommunane rundt er ein flott stad i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Vi er omkransa av hav, fjell og turterreng, og det er kort veg til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane.Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Vakt og sikkerhet
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Facility, Ledelse, Drift, Vedlikehold, Anlegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393566935
- Sist endret