![Bilde fra arbeidsgiver](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2023/6/vertical-5/22/9/448/841/d0-/10c/b-1/1ee/-af/cd-/f74/ce4/f58/7f9_731057418.jpg)
Assisterande strekningssjef
Bane NOR SF
- Frist 02.03.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Assisterande strekningssjef
I Bane NOR har vi eitt felles mål - å setje spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet framover. Difor jobbar vi målretta med berekraft, modernisering og knutepunkt. Hos oss får du engasjerte og nytenkjande kollegaer med ei sterk tru på at oppdraget vårt er viktig - og stadig blir viktigare. No treng vi ein Assisterande strekningssjef til Vestlandet som vil bidra til å modernisere Noreg saman med oss og våre samarbeidspartnarar.
Som Assisterande Strekningssjef på Vestlandet vil du støtte strekningssjefen i operasjonalisering og gjennomføring av vedlikehaldsprogram, resultatoppfølging og saksbehandling, samt prioritere og utføre effektiv og moderne drift. r. Er du relasjonsbyggjande, løysingsorientert og evt har ei administrativ utdanning, er denne rolla perfekt for deg!
Det er ønskjeleg at du er stasjonert på Voss, men lokasjon Bergen kan òg vere aktuelt. Stillinga er eit vikariat med varigheit fram til 31.12.2025.
Dette kjem du til å gjere
Du vil støtte Strekningssjefen med mellom anna:
- Kontinuerleg forbetringsarbeid innan drift og vedlikehald, inkludert optimalisering av vedlikehald og vedlikehaldsprogram, for å gi auka effektivitet og kvalitet
- Deltaking på vernerundar og beredskapsøvingar
- Beredskapstiltak og beredskapsanalysar
- Effektiv ressursforvaltning og sikre høg utnyttingsgrad
- Strategisk utvikling av strekningsorganisasjonar
- Resultatoppfølging av koststadane i strekninga
- Kontor- og administrasjonsarbeid relatert til saksbehandling
- Rapportering og møteveksemd i region Sør-Vest
I tillegg vil dine hovudoppgåver bestå av å hjelpa til i gjennomføring av Strekningssjefens oppgåver. Desse oppgåvene inkluderer mellom anna:
- Sikre at infrastrukturen blir drifta og vedlikehalden for auka driftsstabilitet, kvalitet og sikkerheit
- Planleggje og organisere drift- og vedlikehaldsaktivitetar, inkludert å prioritere arbeidsordre, allokere ressursar og bemanning og å sørgje for effektiv ressursforvaltning for å sikre høg utnyttingsgrad
- Sørgje for at vedlikehaldsaktivitetar og inspeksjonar blir gjennomførte i tråd med fastsette krav og med minimal togforstyrring
- Budsjettera innanfor tildelt ramme og følgje opp
- Registrere, rapportere og behandle hendingar og avvik
Dette trur vi du treng for å lukkast og trivast
Kvalifikasjonar:
- Vi ser for oss at du har høgare utdanning på bachelornivå, gjerne teknisk/økonomisk leiarretta utdanning. Har du eventuelt teknisk fagskule, oppfordrar vi deg òg til å søkje
- Relevant realkompetanse kan kompensera for delar av utdanningskravet
- Relasjonsbyggjande og inspirerande
- Løysingsorientert, med gode samarbeidseigenskapar
- Utviklingsorientert, initiativrik og gjennomføringssterk
- Ansvarleg og risikomedviten
For å lukkast godt i denne rolla er det viktig at du trivast med kontor- og administrasjonsoppgåver.
Personlege eigenskapar vi håpar du kan kjenne deg igjen i:
- Vere dyktig på å tilpasse kommunikasjonen etter situasjon og person
- Handtere utfordringar og komplekse situasjonar
- Oppføre deg ryddig og myndig
- Løyse utfordringar på ein føremålstenleg og diplomatisk måte
- Ta konkrete og direkte avgjerder når nødvendig
- Evne å ha ei heilskapleg tankegang som vil gagne fleire partar
- Vere fleksibel og handtere endringar og uforutsette hendingar
Hos oss får du
Vi er ein organisasjon i endring. Viktigheita av oppgåvene våre vil prege arbeidsmiljøet rundt deg, med flinke folk som brenn for det dei jobbar med. Vi set fagleg utvikling høgt, med interne kompetansebyggjande moglegheiter for våre tilsette. Du får arbeidsforhold for tida vi lever i, og du vil bli inkludert i eit sosialt miljø med blant anna bedriftsidrettslag, sosiale og faglege arrangement. Blant tilsettgodene finn du svært gode pensjons- og forsikringsordningar, og sjølvsagt personalbillett med Go Ahead, SJ Nord og VY sine tog. Vi har òg:
- Du vil bli ein del av eit arbeidsmiljø med eit høgt fagleg kompetansenivå, stor arbeidsglede og dessutan ein givande og meiningsfylt arbeidskvardag med eit sterkt fokus på personleg utvikling
- Dagtid, noko reising vil førekome
- Konkurransedyktige vilkår og betalt lunsjpause
- Kompetanseutvikling og gode karrieremoglegheiter, og dessutan kurs og sertifiseringar internt og eksternt
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi er òg opptekne av jobb-fritid-balanse - for vi trur at du fungerer betre på jobb om du fungerer godt privat.
Kjekt å vite
Å søkje jobb i Bane NOR skal vere enkelt. Du treng derfor ikkje å skrive eit søknadsbrev - ein godt utfylt CV på norsk og dine svar på nokre få spørsmål i søknadsprosessen, er det vi ønskjer frå deg. Ser du noko du ikkje kan? Ta det heilt med ro - vi skal sikre at du får ei god opplæring! Vi oppfordrar deg til å søkje stillinga om den er interessant, og om du har lyst til å lære noko nytt.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer oss kollegaer med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Det er viktig for oss at våre medarbeidarar identifiserer seg med våre verdiar som er open, ansvarleg og lagspelar. Kva tyder desse verdiane for deg?
Bane NOR samarbeider med Semac som er ein ekstern leverandør om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vil du setje spor, håpar vi du tek kontakt med oss!
Vil du setje spor, håpar vi du tek kontakt med oss!
Om arbeidsgiveren
Bane NOR er med på å bygge Norge! Utviklingen av infrastruktur og knutepunkter former og forandrer samfunnet vårt, og tar oss inn i en mer bærekraftig fremtid. Bane NOR skal være selve drivkraften for jernbanevekst, og bidra til at flere kan ta mer tog. Vi er et statsforetak med hovedkontor i Oslo med over 5000 medarbeidere i hele landet. Søk jobb hos oss og bli med på den viktige og historiske satsningen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gurid Almenningens plass 1, 5704 Voss
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: HMS, Kontor og administrasjon, Kvalitetssikring
Nøkkelord
Ledelse, analyse, HMS, SJA, beredskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393585220
- Sist endret