
Laseroperatør
Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett
- Frist 28.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Laseroperatør – bidra til god fiskevelferd med avansert teknologi
Har du interesse for data og teknologi, og ønskjer du å bidra til god biologisk kontroll i oppdrett? Vi ser etter ein laseroperatør til vårt team!
Vi var blant dei første til å ta i bruk Stingray sin avanserte laserteknologi for å bekjempe lakselus, og dette har vist seg å vere eit svært nyttig verktøy. No ønskjer vi å optimalisere bruken av systemet ved å tilsetje ein dedikert laseroperatør.
Som laseroperatør vil du ha base på operasjonssentralen vår ved Hamnehuset i Florø. Du vil også få oppgåver knytt til fôringssystem, organisering av produksjonsdata og koordinering av foring.
Vi jobbar kontinuerleg for å optimalisere produksjonsresultata med fokus på god fiskevelferd, og vi treng deg som kan bidra til å vidareutvikle drifta vår.
Arbeidsoppgåver
· Bruke laserteknologi for kontroll av lakselus
· Overvake og optimalisere fjernfôring av laks
· Samarbeide tett med lokalitetsledere ute på anlegga
· Registrere og dokumentere driftsdata
· Posisjonere og justere luselaseren for optimal drift
· Sikre maksimal oppetid på Stingray-laser og andre tekniske system
· Overvake miljøforhold og rapportere avvik
· Samle inn og presentere produksjonsdata
Kvalifikasjonar
· Gode datakunnskapar, gjerne utdanning innan IT
· Erfaring frå akvakultur er ein fordel
· Teknisk interesse og forståing
· Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
· Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg
· Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Personlege eigenskapar
· Nøyaktig, detaljfokusert og analytisk
· Lærevillig og samarbeidsvillig
· Systematisk med evne til å sjå heilskapen i produksjonsprosessen
· Ansvarsfull og motivert av å skape gode resultat
Vi tilbyr
· Konkurransedyktige vilkår
· Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
· Ein variert og teknologidreven arbeidskvardag
· Ein arbeidsplass der leiinga er tett på drifta
Arbeidsstad: Florø
Høyrest dette ut som noko for deg? Send oss ein søknad og bli med på laget!
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Fugleskjærsgata 11, 6905 Florø
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Database, Drift/Operations, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
laserteknologi, akvakultur, it, dataanalyse, overvåking
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393587084
- Sist endret