![Toyota Voss AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/14/0/393/610/430_fb8b258d-c6a3-4451-af87-994255e770f6.png)
Kunderådgjevar
Toyota Voss AS
- Frist 7.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Toyota Voss AS søkjer ein dyktig kunderådgjevar
Vil du jobbe med ein av verdas sterkaste merkevare? No har du moglegheita!
Bilbransjen er inne i ei rivende utvikling når det gjeld teknologi, produkt, bruk og eigarskapsform. Me søkjer ein kvalifisert og motivert kunderådgjevar til Toyota Voss som ynskjer vera med å bidra til at me utviklar oss vidare i takt med endringar og fortsett å vera klasseleiande både på Toyota og Lexus. Me held til på Palmafossen og har ny flott moderne butikk og verkstad, i europeisk Toyota standard. Me håpar du vil vera med på laget vårt.
Me søkjer deg som er ein nettverks-byggjar og forstår verdien av å sette kunden fyrst. Du har god balanse mellom det faglege og det menneskelege i relasjon med kundane. Du møter kundane med eit smil både over disk og gjennom telefon. Du er god på å sjå behov og finne dei riktige løysingane for kundane. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har og driv og engasjement i sjølvstendig arbeid.
Arbeidsoppgåver:
- Ta imot kundar ved disk og telefon
- Kunderettleiing og oppfylging
- Sal av verkstadteneste og håndtera booking
- Fylgje opp arbeidsordre
- Utlevering av bil ved henting
- Logistikk og varemottak
Ynskja kvalifikasjonar:
- Fagbrev /relevant erfaring, du har lykkast med å gjere kundereisa god
- Har kundeservice i hjarte og hode
- God til å yttrykkja deg både muntlig og skriftleg
- Trygg på bruk av IT som arbeidsverkty
- Er pliktoppfyllande og har stor arbeidskapasitet
- Positiv innstilling, gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
I stillinga tilbyr me
- Moglegheit til å arbeide i ei spennande bransje som er inne i ei rivande utvikling.
- Moglegheit til å arbeide med ei av verdas sterkaste merkevare
- Læra å bli godt kjent med Toyota sin servicefilosofi
- God faglig støtte og spanande stilling med gode utviklingsmogelegheiter
- Fagleg oppdatering og utvikling gjennom Toyota sine opplæringsprogram.
- Ei veldig seriøs bedrift som investerer i og for framtida
- Ei miljømedvite firma
- Konkurransedyktig vilkår med pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste og personalhytte
- Hjå oss legg me stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsforhold
Om arbeidsgiveren
Toyota Voss AS er en del av Jæger Automobil AS som er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet er lokalisert i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Haugesund, i Lindås og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsern har 250 tilsette og ein årleg omsetnad på 1,7 milliard kroner. Jæger-kundar er særs godt nøgde og har bidrege til selskapet sin leiande marknadsposisjon i Vest Noreg. Kvalitet og stadig betring er grunnpilarar i Jæger og Toyota sin filosofi. Me set oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir nøgde. Toyota er det suverent mest kjøpte bilmerket gjennom tida i Vestland fylke. Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusentar og er leiande på miljøteknologi og forsking
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Tjukkebygdvegen 9, 5706 Voss
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Kundeservice
Nøkkelord
kunderådgivning, kundeservice, bilbransjen, booking, logistikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393610430
- Sist endret