![Voss Fiber AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2022/9/vertical-0/27/1/274/685/021_1107604981.png)
Kundebehandlar – ettermiddag/kveld og laurdag (37 % stilling)
Voss Fiber AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli med på laget til Voss Fiber?
Voss Fiber søkjer to kundebehandlarar til ettermiddags- og kveldsskift samt laurdagsvakt. Me ser etter deg som har god serviceinnstilling, er salsorientert og trivst med å hjelpe kundar både digitalt og fysisk.
Arbeidsoppgåver:
- Svare på kundehenvendelsar via telefon, e-post og i kundemottaket
- Selje tenester og produkt til nye og eksisterande kundar
- Feilsøking og rettleiing av kundar, både digitalt og fysisk
- Reise ut til kundar for å hjelpe med enkle tekniske utfordringar
Kven er du?
- Salsorientert og trivst med kundekontakt
- Løysingsorientert og effektiv
- Har god teknologisk forståing
- Førarkort klasse B (påkrevd)
- Ansvarsfull og sjølvstendig
Arbeidsstad og arbeidstid
- Arbeidsstad: Voss Fiber, Tvildemoen – krav om fysisk oppmøte
- Arbeidstid: Annan kvar veke – mandag til fredag kl. 14:30–19:00 og laurdag kl. 10:00–15:00
- Stillingsprosent: 37 %
Kva kan me tilby?
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Ein variert arbeidskvardag med kundekontakt og praktiske oppgåver
- Moglegheit til å utvikle deg innan kundeservice og sal
- Konkurransedyktige vilkår
Høyres dette spennande ut? Då ser me fram til å høyra frå deg!
Om arbeidsgiveren
Voss Fiber leverer fiberbasert internett og TV-tenester til privat- og bedriftskundar i Voss og omegn. Me er opptekne av å gi kundane våre stabilt internett, gode løysingar og førsteklasses kundeservice. Kundesenteret vårt held til på Tvildemoen, og me styrkar no laget med fleire medarbeidarar.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Regimentsvegen 5, 5705 Voss
- Bransje: Internettbaserte tjenester, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kundeservice, salg, service, kundeservicemedarbeider
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393611532
- Sist endret