
Einingsleiar Sand barnehage
https://www.suldal.kommune.no
- Frist 10.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leia ein barnehage med rom for alle
Einingsleiar Sand barnehage
I denne stillinga vil du vera ansvarleg for den daglege drifta og utviklinga av Sand barnehage. Du vil også ha ein fagleiar med deg i leiarteamet. Me ser etter ein leiar som set mangfald høgt.
Du er saman med alle leiarane innan oppvekst, del av eit spennande leiarteam. I dette samarbeidet får du tilgang på mykje godt humør, samhald, fagleg kompetanse og stor takhøgde. Leiargruppa i barnehage skal framover ha eit ekstra fokus på inkludering og språk.
Om eininga
Sand barnehage er ein barnehage som er prega av ein open og nysgjerrig kultur. Nesten 50% av barn og føresette er minoritetsspråklege. Personalgruppa består av 29 tilsette, mangfald og mykje kompetanse. Barnehagen har over tid vært god på å legga til rette for å utvikla seg, både ved bruk av arbeidspraksis, språkpraksis, utdanning og å ta i mot nye idear og måtar å sjå barnehagekvardagen på.
Barnehagen ligg på Eide i kommunesenteret Sand. På Eide er blant anna Suldal bad, Suldalshallen med sandhall og friidrettsanlegg og Sand skule.
Barn og tilsette er fordelt på to bygg: Joagarden og Randåsen, med ca. 1 km mellom bygga. Personalgruppa jobbar saman i felles pedagog- og personalmøte. Dei trivst så godt saman at dei også prioriterer kulturbyggande aktivitetar også utanfor barnehagen sine veggar.
Visjonen til Sand barnehage er: Ein god stad å læra, leika og væra. Denne er godt innarbeida, og med i all planlegging og evaluering. I tillegg er barnehagen ein Være-sammen barnehage og brukar LEAN-metodikk for å forbetra og utvikla barnehagen.
Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?
Personalgruppa ønskjer seg ein leiar med eit ope tankesett, som ønskjer å vidareutvikla barnehagen og personalgruppa. Er du i tillegg ein god lagbyggar, som også har ei god forståing for rolla du skal inn i? Då vil du både lukkast og trivast i denne stillinga.
Kva kan me tilby som arbeidsplass?
- Leiargruppa i oppvekst er del av eit arbeid med nabokommunane, som samarbeider om barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling og felles kvalitetshjul. Her får du vera med på overnattingstur med fagleg- og sosialt påfyll.
- Unike ordningar for kompetanseutvikling og utdanning. Vil du utvikla deg i ein retning, og me deler draumen din – er me gjerne med og støttar deg på vegen.
- Ønskjer du å prøvebu i Suldal? Me skjønar godt at det å busetta seg i Suldal ikkje er ein beintfram sak for alle. Me kan difor tilby deg å leige bustad først, som du kan få tilbod om å kjøpa seinare – om du trivst hos oss.
- Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
- Ein leiar må innimellom arbeida utanfor normal arbeidstid. Me ønskjer ikkje at dette skal gå for mykje utover fritida di, og livet utanfor jobb. Difor gir me leiarar opp mot 10 ekstra dagar fri i året.
- Me er ein aktiv brukar av bedriftshelsetenesta vår, noko me veit styrkar oss som organisasjon.
- Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
- Fagleg utvikling skjer sjeldan aleine. Me er opptatt av å læra av kvarandre og legg opp til at det skal vera aktive og gode fagmiljø rundt våre tilsette.
- Stillinga blir plassert under stillingskode 9451 leiar, med personleg løn.
- Det er mange andre godar ved å arbeida hos oss, trykk på denne lenka for å lese meir om dei.
Kva gjer ein einingsleiar i Suldal kommune?
- Leiing av Sand barnhage i tråd med Suldal kommune sine målesetjingar.
- Fagleg, økonomisk og personalansvar for eininga.
- Ansvar for gode utvikings- og forbetringsprosesser etter Lean-prinsippa.
- Bidrar til tenesteutvikling for Suldalsbarnehagen.
- Ansvar for rekruttering og kompetanseheving ved eininga.
- Aktivt deltek i leiargruppa til kommunalsjefområdet Oppvekst.
- Arbeidar for oppslutning mot felles mål og verdiar, og skapar eit godt arbeidsfellesskap
- Sikrar godt samarbeid med tillitsvalde og verneombod ved eininga.
- Andre oppgåver i tråd med kommunens behov.
Kven søkjer me?
- Du må ha godkjent barnehagelærarutdanning eller annan høgskoleutdanning som gir barnefaglig og pedagogisk kompetanse.
- Me ønsker at du har tilleggsutdanning innan leiing eller administrasjon.
- Dersom du ikkje har tatt nasjonal leiarutdanning for styrarar, ønsker me at du søkjer denne innan dei 3 første åra etter du blir tilsett i stillinga.
- Me ønsker at du har relevant leiarerfaring.
- Me ønsker at du har visjonar for korleis barnehagen kan utviklast vidare, og at du har ei god rolleforståing som leiar. Me ønskjer også at du kan styra økonomien til barnehagen godt vidare.
- Du må ha personlege eigenskapar som utfyller våre forventningar til det å vera leiar godt.
- Du må disponera eigen bil.
- Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.
Andre opplysningar:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Om arbeidsgiveren
Sand barnehage - ein god stad å vera, leika og læra
Me er ein 6 avdelings barnehage fordelt på to hus: Joagarden og Randåsen, som ligg sentralt på Sand og nær flotte naturområder.
Me vil vera ein lærande organisasjon der alle i tilsette utviklar god relasjonskompetanse, er gode språkmodellar og gode autoritative vaksne.
I Sand banehage har leiken ein sentral plass. Leik er utvikling, læring og inkluderande.
Språket er ein viktig del av arbeidet i Sand barnehagen. Barnehagen er ein fleirkulturell barnehage med mange ulike nasjonalitetar. Dette gjere at me har eit stort fokus på språk og språkutvikling.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Eidsvegen 7, 4230 Sand
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
eningsleiar, barnehage, pedagogisk, fagleg, kompetanse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393612883
- Sist endret