Direktør- Landbruksavdelingen
Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
- Frist 10.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker engasjert og motiverande landbruksdirektør
Om stillinga
I landbruksavdelinga er det frå 1. september 2025 ledig 100 prosent stilling som direktør. Landbruksdirektøren er fagleg og administrativ leiar av landbruksavdelinga. Landbruksdirektøren rapporterer til statsforvaltar.
Landbruksavdelinga har 21 medarbeidarar. Avdelinga er organisert med direktør, assisterande direktør og tre faggrupper med fagsjefar.
Landbruksdirektøren har utstrekt samarbeid og mykje kontakt med kommunane, departement, direktorat, landbrukets organisasjonar, miljøavdelinga og beredskapsstaben i embetet.
Arbeidsoppgåver
Landbruksavdelinga si oppgåve er å setje landbrukspolitikken ut i livet og realisere nasjonale og regionale mål for landbruks- og matpolitikken. Dette inneber god forvaltning og kontroll av økonomiske og juridiske verkemiddel, medverknad i kommunal planlegging, og å vere eit kompetansesenter på landbruks- og matområdet.
Vestfold og Telemark er store på produksjon av grønsaker, korn, frukt og bær, og har eit mangfald av husdyrproduksjon og store produktive skogareal. Det ligg godt til rette for å auke produksjon av varer og tenester som samfunnet etterspør dei komande åra. Dette krev evne til endring i takt med krav om reduksjon av klimagassutslepp og ivaretaking av biologisk mangfald. Landbruksavdelinga er ein viktig aktør i dette arbeidet.
Kvalifikasjonskrav
- Landbruksfagleg eller samfunnsfagleg utdanning på masternivå
- Inngåande kunnskap om og kjennskap til landbruket, kommunesektoren, og til samspelet
mellom stat og kommunar - Solid leiarerfaring
- God rolleforståing
Personlege eigenskapar vi ynskjer oss og vil leggje stor vekt på
- Du er engasjert i fagområdet og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- Du er god til å inspirere og motivere kunnskapsrike medarbeidarar
- Du er flink til å samarbeide med andre
- Du er analytisk, strukturert, målretta og resultatorientert
- Du løyser oppgåvene effektivt
- Du har god vurderingsevne og rolleforståing
- Du er god til å formidle eit bodskap
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Du tek aktivt del i leiargruppas arbeid for at verksemda til Statsforvaltaren blir
godt samordna på tvers av avdelingane sine ansvarsområde
Vi tilbyr
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid.
- God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse.
- Lønn som direktør, stillingskode 1062, i lønnsspennet kr. 1 000 000 - 1 050 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Generelle opplysningar
Vi tek atterhald om endring av oppgåvene til stillinga. Det er 6 månader prøvetid.
Kontorstad for stillinga er Tønsberg, men vil i 2029 kunne bli endra til Skien.
Embetet har nøytral målform, og 25 prosent av det vi skriv skal vere på nynorsk.
Vi er opptekne av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i samfunnet, og oppmodar derfor alle kvalifiserte til å søkje.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil evt. bli kontakta om dette.
Opplysningar om stillinga får du av statsforvaltar Trond Rønningen, tlf. 35 58 61 06 / 970 14 988 eller landbruksdirektør Olav Sandlund, tlf. 33 37 23 80 / 900 76 191.
Vi ber om at søknad, vedlagt vitnemål og relevante attestar, blir sende elektronisk via jobbnorge.no.
Søknadsfrist: 10. mars 2025.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren er staten sin representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Statsforvaltaren er ein viktig rettstryggingsinstans. Vi har arbeidsoppgåver på ei rekke fagfelt, mellom anna utdanning og oppvekst, helse og sosial, miljø, landbruk, samfunnstryggleik og beredskap og kommunal økonomi og forvaltning.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke, og ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har om lag 190 medarbeidarar. Vi har kontor i Tønsberg og Skien. Hovudkontoret ligg i Skien.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Grev Wedels gate 1, 3103 Tønsberg
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393620789
- Sist endret