Rådgjevar - 100% fast- Landbruk
Alver kommune
- Frist 12.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar - 100% fast- Landbruk
Alver kommune har ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar på Landbruksavdelinga. Kommunen er ein av dei største landbrukskommunane i Vestland og har eit vidt spenn i kombinasjonen av små og store gardsbruk, tradisjonelt landbruk og ulike bygdenæringar, med eit variert landskap frå kystlynghei ved havet til frodige beiter i høgfjellet. Dette gjer at det er ein spennande stad å arbeida. Du får allsidige arbeidsoppgåver og sakstyper som gjer at du vil få ein variert kvardag . Landbruksavdelinga ynskjer deg som vil gjere ein forskjell for landbruket.
Avdeling for landbruk har som mål å bidra til eit godt og robust landbruksmiljø. God forvaltning og fokus på innovasjon og utvikling av landbruksnæringa er viktige satsingsområde.
Alver kommune opplever eit generasjonsskifte i landbruksnæringa, og fokus på informasjon og oppfølging av nye bønder er òg eit viktig satsingsområde. I dei tre kommunane er det om lag 500 aktive bønder. Store oppgåver som ligg framfor oss er klimatilpassing med spesiell fokus på agronomi, næringsutvikling på små og store bruk og nytting av dei store skogressursane i regionen.
Alver kommune har og ansvar for landbruksoppgåver for kommunane Austrheim og Modalen
Landbruk er ei av fire avdelingar under tenesteområdet Arealforvaltning i Alver kommune. Me har eit tett tverrfagleg samarbeid med dei tre andre avdelingane; plan og byggesak, kart og oppmåling, miljø og tilsyn, og med andre sektorar i kommunen.
Kontorstad er i kommunehuset på Frekhaug. Landbruksavdelinga har pr. no 6 tilsette.
Arbeidsoppgåver
Vi søker deg som har kompetanse, erfaring og interesse for forvaltning og utvikling av ei framtidsretta jord- og skogbruksnæring. Stillinga vil gje deg høve til å forma utviklinga for næringa i Alver og samarbeidskommunane. Stillinga er sjølvstendig og du vil kunne påverke eigen arbeidskvardag. Stillinga omfattar både fokus på næringsutvikling og forvaltning. Kompetanseoppbygging og rettleiing av bønder er ein viktig del av arbeidsoppgåvene.
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er i hovudsak:
- Forvaltningsoppgåver knytt til ordningar som produksjonstilskot, sjukeavløysing, drenering, nydyrking m.m.
- Utvikling, rettleiing og forvaltning knytt til grovforproduksjon, gjødsling, spreieareal, oppdatering av gards kart, klima tiltak i jordbruket, driveplikt.
- Næringsutvikling knytt til landbruk, arrangera fagmøte, kurs og liknande.
- Kontakt og rettleiing av bønder/grunneigarar
- Tverrfagleg samhandling med andre fagområde og samarbeidspartar utanfor kommunen
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Fagfeltet vert delt med kollegaer ved kontoret.
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har:
- Relevant utdanning innan jordbruk, på agroteknikkar eller bachelornivå.
- Kompetanse innanfor jord- og plantefag, agronomi, gjødsling, husdyrbruk
- Gode kunnskapar om landbruk både praktisk og teoretisk
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel.
Ønskt kompetanse
Vi søkjer deg som:
- Har interesse og engasjement innanfor fagområdet
- Relevant erfaring frå tilsvarande stilling
- Har gode samarbeidsevner
- Tar ansvar og kan jobbe sjølvstendig
- Er løysingsorientert og fleksibel
- Har gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg
- Trivst i kontakt med bønder, grunneigarar og andre aktørar
- Har godt humør og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Nyutdanna er velkomne til å søkja
Du må ha førarkort.
Vi tilbyr
- Variasjon i arbeidsoppgåver.
- Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer.
- Løn etter avtale basert på utdanning og erfaring.
- God pensjonsordning.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Havnevegen 41A, 5918 Frekhaug
- Bransje: Dyr og dyrehelse, Jordbruk og skogbruk, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Agronom, Rådgivning
Nøkkelord
rådgjevar, landbruk, landbruksforvaltning, rettleiing, forvaltning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393631620
- Sist endret