Barnehagelærar
Bjørnafjorden kommune Os barnehage
- Frist 02.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Er du vår nye kollega? Vi har ledig fast stilling som barnehagelærar
Vi ser etter deg som bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø og som tar initiativ i ein hektisk og fantastisk kvardag.
Arbeidsstad
Os barnehage ligg i Gymnasvegen tett ved Os sentrum. Vi har 8 avdelingar der to og to avdelingar samarbeider og vert kalla base. Vi har pr no 104 barn i alderen 0-6 år og 26 årsverk. Vi har gangavstand til bibliotek, skule, butikkar, idrettsanlegg og kort veg til flotte turområder.
Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen. Mottoet vårt er: "kvardagen er viktigst"
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering, og dokumentasjon av det pedagogiske tilbodet til barna.
- Medansvar for satsningsområda til kommunen som ASK, Saman mot mobbing og BTI
- Medansvar for informasjonsutveksling og samarbeid med foreldre.
- Sjølvstendig og i fellesskap med anna personale bidra til eit godt arbeidsmiljø og jobbe mot barnehagens mål.
- Jobbe etter føringar i barnehagelova, rammeplan og årsplan til barnehagen
- Følge opp rutinar og handlingsplanar på eiget initiativ
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar.
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
- Vi ser etter ein pedagog som er fagleg engasjert og oppdatert.
- Du viser omsorg, evner å skape relasjonar til store og små, tar ansvar, ser barnas individuelle styrkar og behov, og sørger for at dei opplever meistring gjennom leik og læring.
- Du ønsker å utvikle deg fagleg i eit miljø kor du får støtte og veiledning.
- Du kan arbeide både sjølvstendig og i team for å nå barnehagens mål.
- Du ser verdien av eit godt samarbeid med barnas foreldre.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer
Nøkkelord
barnehagelærar, barnehage, barn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 393635203
- Sist endret