
Produkteier
Digitaliseringsdirektoratet
- Frist 03.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Spennande stilling som produkteigar for kundeportalar
Er du god på kommunikasjon, nytenkjande i bruk av teknologi og set kunden i fokus?
Digdir er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale fellesløysingar som mellom anna ID-porten og MinID. Framover skal vi gjera våre løysingar endå betre, samtidig som vi skal utforske alt det nye som kjem med EU sin eIDAS-lovgivning og EU-lommebok.
No ser me etter ein produkteigar som vil ta ansvar for å styrke og vidareutvikle kundedialogen vår med offentleg verksemder og deira leverandørar. Stillinga er fast og arbeidsstaden er ved vårt kontor på Leikanger.
Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande - akkurat slik vi likar det!
Kven er du?
Det er viktig at du
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
- er strukturert, uredd og tydeleg
- trivast med å jobbebåde sjølvstendig og i team
- har erfaring frå kundeoppfølging, og det er ønskeleg mederfaring frå offentleg forvaltning
- har relevant utdanning innan kommunikasjon og/eller marknadsføring. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Om deg
Me ser etter deg som er omgjengeleg, engasjert og strukturert, og som ynskjer å bidra til ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Me jobbar behovsretta, er framoverlente og nysgjerrige på ny teknologi. Det ynskjer me også at du er.
Me søker spesielt deg som har erfaring innanfor fleire av desse områda:
- Prosjektarbeid
- Prosessarbeid
- Redaksjonsarbeid
- Fagleiar- og/eller teamleiaransvar
- Utføre kundeundersøkingar
Aktuelle oppgåver
- Teamlederansvar
- Strategisk fagansvar for kundeportalar som blant annet samarbeidsportalen og norge.no
- Planlegge redaksjonelt innhald og koordinere aktivitetar
- Innhaldsproduksjon til kundeportalar og sosiale media
- Gjennomføre kundeundersøkingar og sørge for at våre kanalar følgjer kundane sine behov
- Bidra til at me får presentert gode og innovative brukarhistoriar
- Prosjektarbeid
Kvifor Digdir?
Me tilbyr spennande faglege utfordringar kombinert med fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø.
Me tilbyr
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving
- lønn som rådgiver/seniorrådgiver i spennet kr. 650 000 - kr. 850 000 avhengig av kvalifikasjoner og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn avtalast
- arbeidsstad i våre lokalar på Leikanger med moglegheit for heimekontor inntil 2 dagar i veka
- medlemskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar pensjonskasse
- familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
- opning for to timar trening i veka i arbeidstida
Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Marianne Strypet
E-post: marianne.strypet@digdir.no
Telefon: 975 22 720
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no).
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
Om arbeidsgiveren
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 400 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.
Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag.
Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: IT, IT - programvare, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: PR og informasjon, Produktledelse, Prosjektledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394039817
- Sist endret