Toårig forskerstilling
Folkehelseinstituttet FHI
- Frist 10.03.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Toårig forskarstilling
Me har ledig ei 2-årig forskarstilling knytt til det Europeiske samarbeidsprosjektet Joint Action Prevent Non-Communicable Diseases (JAPreventNCD) med finansiering frå EU. Føremålet med prosjektet er førebygging av ikkje-smittsame sjukdomar og kreft gjennom eit styrka europeisk samarbeid. JAPreventNCD inneber eit samarbeid mellom styresmakter og institusjonar frå 25 europeiske land. Prosjektet er koordinert av FHI og Helsedirektoratet. Nærmare informasjon om prosjektet er tilgjengeleg på prosjektet si heimeside: https://preventncd.eu/
FHI leiar arbeidsoppgåvene innanfor prosjektet knytt til bruk av strukturelle tiltak. Den utlyste stillinga er knytt til dette arbeidet. Arbeidet med helsegrunna avgifter vil verta sett ut som eit oppdrag til eit eksternt forskingsmiljø og ein vil i stillinga ha eit tett samarbeid med dette miljøet.
I tillegg skal ein som del av den utlyste forskarstillinga gjennomgå bruk og innretning av helsegrunna avgifter i europeiske land. Vidare vil ein i stillinga ha ansvar for arbeidet med overvaking av politikk og tiltak retta inn mot førebygging av ikkje-smittsame sjukdomar og kreft i europeiske land. Denne oppgåva vil vera ei oppgåve som vil verta utført i samråd med blant anna WHO Euro og andre internasjonale aktørar som er involvert i liknande arbeid. Forskarstillinga vil vera knytt til Senter for evaluering av folkehelsetiltak og Avdeling for rusmidlar og tobakk ved FHI, begge organisert i Område for folkehelse og førebygging. I stillinga vil ein inngå som ein del av desse forskingsmiljøa. I tillegg vil ein ha eit tett samarbeid med internasjonale samarbeidspartnarar. Gjennom prosjektet vil ein kunne etablere nettverk og kontaktar i europeiske land.
Arbeidsoppgaver
- Ansvarleg for arbeidet med helsegrunna avgifter i JAPreventNCD
- Leie arbeidet med å vidareutvikla overvaking av tiltak og politikk retta inn mot førebygging av ikkje-smittsame sjukdomar og kreft
- Bidra inn i andre oppgåver knytt til bruk av strukturelle verkemiddel i JAPreventNCD
- Skrive artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrifter med fagfellevurdering
- Formidle resultat i faglege og populærvitskapelege samanhengar
- Samarbeide med internasjonale aktørar involvert i prosjektet
Kvalifikasjoner
- Ph.D., helst med samfunnsvitskapleg eller helsevitskapleg bakgrunn
- Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
- Gode analytiske evner
- Forskingserfaring eller praktisk erfaring innanfor stillinga si tematikk er ei føremon
- Kjennskap og forståing av politiske prosessar og politikkutforming er ei føremon
- Interesse for og kjennskap til evaluering av strukturelle folkehelsetiltak er ei føremon
Personlige egenskaper
- Nytenkjande, sjølvstendig, initiativrik og resultatorientert
- Gode relasjons- og samarbeidsevner vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Folkehelseinstituttet er ein unik arbeidsplass som har eit stort samfunnsansvar og spelar ei viktig rolle for helse og trivsel i befolkninga
- Me byggjer sterke fagmiljø og legg vekt på at den einskilde medarbeidar skal utvikle seg og kunne påverke eigen arbeidskvardag
- Ein interessant jobb med varierte arbeidsoppgåver i eit aktivt og triveleg forskingsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling
- 2-årig mellombels stilling som forskar med løn etter avtale, innanfor Statens regulativ
- Gode pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
- Fleksible arbeidstidsordningar og gode velferdsordningar, som t.d. trening i arbeidstida
Om arbeidsgiveren
Folkehelseinstituttets visjon er bedre helse for alle. Vi produserer, oppsummerer og kommuniserer kunnskap for folkehelsearbeidet og helse- og omsorgstjenestene. Kjerneoppgavene er beredskap, kunnskap og infrastruktur. Infrastruktur omfatter bl.a. registre, helseundersøkelser, biobanker og laboratorievirksomhet. Folkehelseinstituttet er en etat under Helse- og omsorgsdepartementet. Vi er i dag om lag 1300 ansatte lokalisert i Oslo, Bergen, Trondheim, Levanger og Tynset.
Folkehelseinstituttet er opptatt av mangfold. Vi ønsker at kvalifiserte kandidater søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hull i CVen, etnisk eller nasjonal bakgrunn.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Marcus Thranes Gate 6, 0473 Oslo
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Forskning, Prosjekt, Folkehelse, Forebygging, Overvåking
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394051080
- Sist endret