Sommarvikarar 2025
Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Studerer du rettvitskap, økonomi eller samfunnsvitskap? Vi søker sommervikarar for 2025
Ønsker du å bruke litt av sommaren på å få eit innblikk i kva vi held på med? Vi tilbyr sommarjobb til studentar på alle dei tre områda våre.
Lotteri- og stiftelsestilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet og er staten sitt forvaltningsorgan på områda pengespel, stiftelsar og frivilligheit.
Gjennom ein sommarjobb hos oss får du praksis og innsikt dei spennande fagområda våre, samt erfaring frå offentleg forvaltning.
For avdeling for pengespel og avdeling for frivilligheitsstøtte vil sommarjobben vare ca. ein månad, med oppstart ca. 23 juni. Ved Stiftelsestilsynet vil sommarjobben vare ca. to månadar.
Her kan du lese meir om korleis sommarvikarane i 2021 hadde det hos oss: – Veldig kjekt og lærerikt.
Martin Skrede var ein av sommarvikarne våre i 2021. Les hans blogg om kva rolle stiftelsar spelar i Norge.
Dette vil du jobbe med
På avdeling for pengespel er vi ute etter ein jusstudent.
- Jobben vil hovudsakleg handle om å sjekke at ulovlege pengespelsider etterlever varsel om DNS-blokkering, samt andre oppgåver knytt til tilsyn med ulovlege pengespel.
På avdeling for frivilligheitstøtte er vi ute etter ein juss- eller økonomistudent.
- Vi har oppgåver knytt til forenkling for frivillig sektor, analyse av data og kartlegging av økonomisk kriminalitet i sektoren. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kvalifikasjonane til den som blir tilsett.
På Stiftelsestilsynet ser vi i utgangspunktet etter to studentar innan juss, økonomi eller samfunnsvitskap. Du kan gjerne vere førsteårsstudent.
- Jobben vil hovudsakleg handle om oppfølging og kvalitetssikring av Stiftelsesregisteret.
Dersom du er kvalifisert til fleire av stillingane, skriv gjerne kva avdeling du helst ønsker å jobbe i.
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig og strukturert
Kvifor velje oss?
- Kjekke kollegaer.
- Stort fagmiljø, med breitt samansett kompetanse og erfaring.
- Moderne kontorbygg midt i Førde sentrum, mellom anna med eige treningsrom og kantine.
Om arbeidsgiveren
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord.
På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt.
Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊
Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Samfunnsøkonomi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sommerjobb, Sommarjobb, økonom, rettsvitenskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394051548
- Sist endret