Vi søker veterinær eller fiskehelsebiolog i fast stilling
Akvavet Gulen AS
- Frist 10.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker veterinær eller fiskehelsebiolog i fast stilling
Akvavet Gulen AS søker veterinær/fiskehelsebiolog.
Søknadsfrist: 10. mars.
Stad: Nordhordland, Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.
Kontaktinformasjon: Aud Asheim, tlf: 48174453, mail: post@akvavet.no
Vi søker
Vi søker veterinær eller fiskehelsebiolog i fast stilling. Det er ein fordel med erfaring frå fiskehelsearbeid og annan relevant praksis i havbruk, men nyutdanna og studentar som blir ferdige til våren/sommaren 2025, kan også søke.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode muligheiter for variert fagleg utvikling.
Kontorstad er i utgangspunktet Asheim, Førde eller Florø, men du kan komme med andre ynskje. Ved behov kan bolig på Asheim stillast til disposisjon, evt. som pendlarbolig. Du må disponere eigen bil.
Om Akvavet Gulen AS
Vi tilbyr fiskehelsetenester til havbruksnæringa. Området strekker seg frå Bergen til Nordfjord, og frå dei ytre øyane ved Sognefjorden til Sogndal og Vik i Indre Sogn.
Vi er ni tilsette fiskehelsepersonell og har ein variert praksis med laks, regnbogeørret, kveite, torsk og berggylt. I tillegg jobbar vi med fiskehelsenettverk, kurs, prosjektarbeid og anna.
Hovudkontoret er på Asheim i Gulen Kommune (ved E39, midt mellom Bergen og Førde), men tilsette har heimekontor/kontor i Eivindvik, Lavikdalen, Fjaler, Førde og i Hyen.
Søknadsfrist er 10.03.2025.
Tilsetting frå 1. juli eller etter avtale.
Kontaktperson: Aud Asheim. Tlf: 48174453, mail: post@akvavet.no.
- Sektor: Privat
- Sted: Risnefjordvegen 153, 5961 Brekke
- Bransje: Farmasi og legemiddel, Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Biolog, Veterinær og dyrepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fiskehelse, veterinær, fiskehelsebiolog, havbruk, prosjektarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394053908
- Sist endret