
Sommarvikarar
Lingalaks AS
- Frist 7.3.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vil du samle erfaring innan havbruk?
Lingalaks AS søkjer sommarvikarar på fôrsentral og i produksjonen i Hardanger
Er du over 18 år og er motivert for å jobbe i team, enten ute på merdkanten eller inne på fôrsentralen vår i sommar? Me ser etter sommarvikarar for sesongen.
Me ser etter deg som har:
- Gode samarbeidsevner
- Har interesse for akvakultur og havbruk
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Beherskar data og skriftleg arbeid
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vera:
I produksjonen:
- Dagleg røkting av fisk
- Ettersyn av anlegg
- Registrering i datasystem
- Arbeidet føregår på dagtid mellom 7.30 og 15.30, samt noko helge-arbeid
Det er ein fordel om du har kran/truckførarbevis
- Førarkort kl B
- Båtførarbevis
- Grunnleggjande båtførarferdigheiter
På fôrsentralen:
- Vere med å styre og overvake fôringa
- Registrere data
- Tett dialog på telefon med arbeidarar på merdkanten
- Du vil få moglegheita til å jobbe både dag og kveldstid
Det er ein fordel om du har erfaring frå næringa, men det er ikkje eit krav.
Lingalaks tilbyr:
- Moglegheit for å starte med opplæringsdagar i løpet av våren
- Konkurransedyktige vilkår
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Verdifull arbeidserfaring
Hugs å spesifisere i søknaden kor du ønsker å jobbe.
Om arbeidsgiveren
Lingalaks er eit familie-eigd og vestlandsbasert havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa, med visjon om å vere ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon. Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 6
- Sted: Grovabrotet 8, 5600 Norheimsund
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Akvakultur, Oppdrett
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394073724
- Sist endret