Ferievikar, sommervikar
Austevoll kommune
- Frist 31.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Ferievikar
Austevoll pleie og omsorgssenter og heimetensta i Austevoll
treng ferievikarar innan pleie og reinhald i sommar.
I tillegg treng vi ferievikar på kjøkkenet.
Om stillinga
Stillingane er ledig i ferieperioden som er frå 23.juni til og med 10.august.
På kjøkkenet treng vi vikar frå og med 7. juli.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Oppgåvene vil vera varierte. For pleiemedarbeidarar vil hovudoppgåva vera innan pleie og stell av bebuar på sjukeheimen/brukar i heimane. I reinhald vil det være vask av lokala på pleie og omsorgssenteret/heime hos brukarar av heimetenesta.
På kjøkkenet blir oppgåva å hjelpe industrikokk med forskjellige oppgåver.
Alle får opplæring.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:
- Gyldig politiattest
Førarkort klasse B (for stillingar i heimetenesta)
Personlege eigenskapar:
- Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Du må ha fylt 18 år.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Sambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande!
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 450 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Birkelandsvegen 26, 5392 Storebø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394189983
- Sist endret