Helsefagarbeidar ved Vangsheimen - 100% fast stilling
Vang Kommune
- Frist 23.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidar ved Vangsheimen - 100 % fast stilling
Vang kommune har ledig 100 % fast stilling for helsefagarbeidar ved Vangsheimen. Stillinga er ledig frå 1.5. 2025. Det er mogleg med lågare stilling (stillingsprosent) dersom du ynskjer det.
Vi leitar etter deg som er ein dedikert helsefagarbeidar med eit stort hjarte for pasientomsorg. Hos oss vil du få moglegheit til å gjere ein forskjell i menneske sine liv kvar dag. Saman skapar vi ein trygg og omsorgsfull kvardag for våre pasientar.
Stillinga har tredelt turnus.
Arbeidsoppgåver
- Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk
- Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
- Bidra til positivt samarbeid med pårørande
- Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten
- Dokumentere i fagsystemet Profil
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgsteneste
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy.
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
- Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
- Vera motivert, engasjert og strukturert
- Ha gode evner til samarbeid
- Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg
Vi tilbyr
- Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Me tek atterhald om at faste tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Om arbeidsgiveren
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
- Vang kommune har nynorsk som skriftspråk.
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
- Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helse, omsorg, fagarbeider, institusjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394233154
- Sist endret