Bildegalleri
Playstation 4 Pro
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Plattform: Playstation 4
Brukt PS4 Pro, kjøpt brukt i 2024 for å teste spel eg har hatt tidlegare, men har for lite tid til å bruke den, så betre at andre kan få glede av den. Har testa NBA 2K19 og Destiny 1 sidan det er mest nostalgi for min del, begge fungerer bra. Dei andre spela har eg ikkje brukt.
Kontroll, HDMI, straumkabel, 6 spel og eit headset følgjer med.
Med eit av spela jobbar vifta meir enn det andre spelet, kanskje på grunn av alder, men det er første gong eg har brukt PS4 Pro-modellen (eg hadde "ordinær PS4" tidlegare), så eg veit ikkje om det er fordi at Pro-modellen har kraftigare innmat enn ein "ordinær PS4" eller om det er spel som har blitt meir krevande med tida og PS4 generelt er begynt på bli ein eldre konsoll. Trur ikkje denne har blitt støvrensa av sist eigar, og eg har ikkje prioritert å sjekke for støv sidan eg ikkje har brukt den så ofte.
Veldig kjekk maskin om ein har hatt Playstation tidlegare og likar Playstation. Sony har hatt mange gode spel på sine konsollar opp gjennom tidene. Sidan maskina har opning for DVD/disk kan ein også bruke maskina til film. Veldig praktisk (mi meining) om ein har ei filmsamling (DVD eller Bluray).
Ta kontakt om du har spørsmål!
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 20.2.2025 kl. 13:57 ・ FINN-kode: 394296322