
Jurist
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 10.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du ei stilling som jurist med utfordrande og varierte oppgåver i eit godt fagmiljø?
Om stillinga og seksjonen
Er du ein dyktig jurist med erfaring frå varierte juridiske oppgåver? Likar du politiske prosessar og lovarbeid? Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein jurist til ei fast stilling i avdelinga for kulturvern, seksjon KV1. Seksjonen har ansvar for fagområda litteratur, språk, samiske saker, nasjonale minoritetar og inn- og utførsel av kulturgjenstandar.
Seksjonen har fagansvar for arkivlova, språklova, boklova, pliktavleveringslova, stadnamnlova, bibliotekvederlagslova, folkebiblioteklova, kunstavgiftslova, kulturminnelova § 23 og gravferdslova § 23 a i tillegg til fleire forskrifter. Fagområda rører òg ved rettsområde som opphavsrett, offentleg støtte (statsstøtte), konkurranserett og forvaltningsrett, og stillinga har tett samarbeid med den andre seksjonen i avdelinga . I tillegg skapar digitalisering og kunstig intelligens nye, spanande juridiske utfordringar på fagområda våre. Vi følgjer òg opp enkelte internasjonale konvensjonar innanfor fagområda våre og samarbeider med styresmakter i andre land.
Arbeidsoppgåver
- utføre juridiske oppgåver med stor breidde innan kulturfeltet
- utføre lov- og forskriftsarbeid og lovtolking
- greie ut juridiske spørsmål
- avgjere klagesaker og arbeide med anna saksbehandling
- delta i arbeid på tvers av departementet
- gi råd til den politiske leiinga og svare på spørsmål innan fagområdet
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som
- har god forståing av forholdet mellom politikk og forvaltning og av embetsrolla
- har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med godt resultat
- har relevant arbeidserfaring, gjerne frå departement
- er analytisk og stødig og har godt juridisk skjønn
- er god til å skrive, har god munnleg framføringsevne og kan formidle komplekse saker på ein lettfatteleg måte
- jobbar systematisk
I tillegg ønskjer vi at du
- klarer å organisere større arbeid og sørgje for god framdrift
- er fleksibel og sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- er ein god lagspelar
- er nysgjerrig og likar å dykke ned i nye spørsmål
Det er i tillegg ein fordel om du har eit engasjement for avdelinga sine fagområde.
Personlege eigenskapar:
Dersom du vil jobbe hos oss, er det viktig at du
- tar initiativ og trivst med samarbeid
- likar hektiske og til tider uføreseielege arbeidskvardagar
- har stor arbeidskapasitet og er ryddig og strukturert
- har godt humør og er engasjert og motivert for arbeidet
Vi legg vekt på om du er personleg eigna til stillinga, og du må vere budd på å stille kompetansen din til disposisjon for andre seksjonar og avdelingar i departementet.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som "BEGRENSET" etter sikkerhetsloven.
Vi tilbyr
- innplassering som rådgjevar med brutto årsløn frå 548 600 til 679 000 kroner eller som seniorrådgjevar med brutto årsløn frå 657 300 til 821 100 kroner (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast)
- trivelege lokale midt i Oslo sentrum med godt kantinetilbod
- fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
- høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
- introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
- eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Ellen Knutsen på telefon 91 88 70 14 eller på e-post til ellen.knutsen@kud.dep.no.
Om avdelinga
Kulturvernavdelinga er sett saman av to seksjonar og har ansvar for politikkområda arkiv, bibliotek, museum, visuell kunst, litteratur, språk, kulturbygg, immateriell kulturarv, inn- og utførsel av kulturgjenstandar, samiske saker og krigsgravtenesta.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grubbegata 1, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394326171
- Sist endret