Fagingeniør
Helse Fonna HF
- Frist 10.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Fagingeniør
Vi har ledig ei spennande stilling som fagingeniør ved patologilaboratoriet vårt i avdeling for laboratoriemedisin.
Her vil du få høve til å jobbe i eit moderne miljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka. På avdelinga vår har vi teke i bruk ny, avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og vi er stadig under utvikling.
No leitar vi etter ein engasjert fagingeniør til ei fast heiltidsstilling. Dette er ein dagstilling og arbeidsdagen vil vere variert. Du får høve til å lære om ulike delar av laboratoriet gjennom grundig opplæring.
Dersom ein intern kandidat blir tilsett, kan det bli andre ledige stillingar ved patologilaboratoriet. Viss dette er av interesse, ver vennleg og inkluder det i søknaden din. Vi oppmodar spesielt nyutdanna til å søkje.
Oppstartsdato etter avtale. Velkomen til å søkje hos oss!
Arbeidsoppgåver
- Delta i laboratoriet sitt rutinearbeid
- Betening og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr
- Delta i laboratoriets kvalitets-og forbetringsarbeid
- Rullering av arbeidsprogram innan fleire fagområde
- Delansvar for fagområda fremføring, histologi og cytologi.
- Stedfortredar for fagansvarlig ved korttidsfråvær og ferie.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Anna relevant utdanning og erfaring kan og bli vurdert
- Kompetanse og erfaring innan patologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system er ein fordel
- Gode kommunikasjonsferdigheter i norsk, muntlig og skriftlig
Det vil bli lagt stor vekt på om søkjaren er personlig skikka for stillinga og viser vilje til å ta ansvar
Personlege eigenskapar
- trivst med å arbeide i eit tverrfaglig miljø og meistrar eit høgt tempo
- har høg arbeidskapasitet, motivasjon og interesse for fagfeltet
- bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- har god faglig vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og nøyaktig
- er god til å sjå kva som må gjerast, tilbyr og mottar hjelp
- tåler å stå i krevande situasjoner
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling
- Her får du ein spennande og utfordrande jobb
- Du blir ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium
- Løn etter avtale og dokumenterte kvalifikasjoner og erfaring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundsgt. 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, fagingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394359679
- Sist endret