Kjøkkenleiar
Framnes Kristne Vidaregåande Skule
- Frist 12.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å legge til rette for gode augeblink for skuleungdom? Bli kjøkkenleiar på Framnes KVGS!
Framnes Kristne Vidaregåande Skule er ein av dei større kristne internatskulane i landet. I over hundre år har me vore ein stad der fagleg utvikling, tru og fellesskap går hand i hand. Med rundt 270 elevar, kor dei fleste bur på skulen, har kjøkkenavdelinga ei avgjerande rolle i elevane sin kvardag. Her samlast elevar til måltid som gir energi til ein travel skulekvardag, skaper ein god møteplass og dagspuls på skulen.
Me søkjer no ein kjøkkenleiar som vil ta ansvar for fag, personal og drift av kjøkkenavdelinga. Stillinga inneber personalansvar for omkring 11 personar, i tillegg kjem deltidstilsette elevar. Kjøkkenleiar koordinerer og planlegg for å sikre at maten blir servert til rett tid, at drifta er økonomisk berekraftig, og at elevane opplever måltida som gode og næringsrike.
For å trivast og lukkast i denne stillinga trur me du må vere ein engasjert og tydeleg person som likar å vere samen med ungdom, og som evner å skape eit godt arbeidsmiljø, samtidig som du har blikk for effektiv drift og gode rutinar i eit storkjøkken.
DINE ARBEIDSOPPGÅVER:
- Dagleg drift og leiing av kjøkkenavdelinga.
- Vere ein tydeleg og inkluderande leiar for kjøkkenpersonalet.
- Personalansvar, inkludert vaktplanlegging og rekruttering av deltidstilsette.
- Sørge for god planlegging og gjennomføring av måltid, og sikre gode rutinar for hygiene, mattryggleik og lagerstyring.
- Utvikle menyar med sunn, variert og økonomisk berekraftig mat, også med omsyn til spesialkost og allergiar.
- Representere kjøkkenet i møte med elevar, føresette og andre.
- Samarbeide med andre avdelingar og delta i skulen si avdelingsleiargruppe.
DIN KOMPETANSE:
- Du har gjerne erfaring frå storkjøkken eller industrikjøkken.
- Tidlegare erfaring som leiar er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Relevant fagbrev eller høgare utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Du har kjennskap til arbeid med varebestilling og varelager.
- Du har kompetanse innan ernæring og matlaging for større grupper.
- Du har gode digitale dugleikar, og har mellom anna kjennskap til Office-pakken.
- Du har gode kommunikasjonsevner.
DINE PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
- Du er engasjert, inspirerer andre og bidrar med å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø.
- Du evner å arbeide sjølvstendig, strukturert og organisert.
- Du trivst med å jobbe både operativt og administrativt.
- Du er ansvarleg og dedikert i jobben, og vil det beste for skulen og dine kollegaer.
- Du trivst i eit kristent miljø og er lojal til skulens verdigrunnlag.
ME TILBYR:
- Ei fleksibel stilling med moglegheit for å skape sin eigen arbeidskvardag.
- Ei viktig leiarstilling med stor moglegheit for å påverke.
- Eit positivt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og elever.
- Ein meiningsfull jobb kor du får bidra til trivsel og eit godt fellesskap på skulen.
Arbeidsstad: Norheimsund
Søknadsfrist: 12.03.2025
Har du spørsmål eller ønskjer du ein uforpliktande prat om stillinga? Ta kontakt med vår rådgjevar i Human, Henrik Brandtzæg, på mob 938 36 995.
Du kan også kontakte rektor ved Framnes KVGS, Harald Voster, på mob 930 09 831.
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Vikøyvegen 280, 5600 Norheimsund
- Bransje: Kirke og menighet, Restaurant, mat og uteliv, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Kjøkkensjef, Ledelse, Mat og servering
Nøkkelord
Kjøkkenarbeid, Kjøkkendrift, Kjøkkenledelse, Kjøkkensjef, Kokk Storkjøkken
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394376258
- Sist endret