Einingsleiar
https://www.suldal.kommune.no/
- Frist 10.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leia dyktige medarbeidarar i Suldal kommune?
Suldal kommune har ledig 100% fast stilling som einingsleiar ved Jelsa oppvekstsenter frå 01.08.25.
Jelsa oppvekstsenter ligg flott til i nærleiken av fine turområde og med utsikt over Jelsa og fjorden. Oppvekstsenteret er kombinert barnehage/skule 1.-7. trinn med til saman ca. 30 barn. Her er engasjerte og kreative tilsette som er interesserte i å vidareutvikla ein god profesjonell praksis. Eit av satsingsområda innanfor barnehage og skulebasert kompetanseutvikling er å vidareutvikla eit trygt og inkluderande leike og læringsmiljø.
Me søkjer derfor etter ein einingsleiar som har vilje og evne til å byggja eit godt profesjonsfellesskap og kan samarbeida godt med tilsette, foreldre, elevar, andre skular, skuleeigar og andre kompetansemiljø.
Vidare håpar me at du som ønskjer å søkja denne stillinga
- er ein engasjert og inkluderande leiar som vert motivert av å skapa resultat og få til gode løysingar.
- er ein leiar som gler seg over medarbeidarar som lukkast, kommuniserer godt og er ein god relasjonsbyggjar.
- vil leia eit oppvekstsenter som har som mål å forma barn og unge til dei beste versjonane av seg sjølv
- ønskjer å samarbeida med alle leiarane i oppvekstsektoren "Suldal for barn og unge" som møtest jamleg i eit profesjonelt læringsfellesskap, og for å støtta deg i arbeidet ditt.
Då er Suldal kommune rett stad å vera.
Ansvar
Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av oppvekstsenteret.
Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet.
Kvalifikasjonar
- Dokumentert pedagogisk kompetanse.
- Tilleggsutdanning innan leiing er ønskjeleg.
- Relevant leiarerfaring er ønskjeleg.
- Strategisk innsikt og visjonar for barnehagen og skulen sin pedagogiske utvikling.
- Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig.
- Evne til å motivera og inspirera alle medarbeidarane sine.
- Innsikt i og evne til god økonomistyring.
- God, utviklingsretta digital kompetanse
- Tilfredsstillande personlege eigenskapar.
- Søkjarar må disponere eigen bil.
Me tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning.
- Fleksitid
- Løn og pensjon i henhold til lov og avtaleverk
- 10 kompensasjonsdagar
- Bedriftshelseteneste
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Suldal kommune kan hjelpa til med å skaffe bustad.
Andre opplysningar
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
- Originalvitnemål skal verta tatt med på intervju.
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar.
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 og søkjarlista kan verta offentleggjorde
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan søkja med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn.
- Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00.
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Om arbeidsgiveren
Suldal kommune Overordna oppvekst
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.
Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Eidsvegen 7, 4230 Sand
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
einingleiar, leiing, barnehage, skule, oppvekstsenter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394470822
- Sist endret