Fibermontør
Vest-Telemark Kraftlag AS
- Frist 20.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling som Fibermontør
Fibermontør, avdeling Høydalsmo/Treungen.
Fibermontør
Likar du teknologi, utfordringar og ein jobb som betyr noko? Hos VTK AS jobbar me med utbygging, vedlikehald og beredskap av fiber sambandet i seks kommunar i Vest-Telemark, og me treng framtidas fagfolk!
Som fylgje av høg aktivitet søker VTK AS etter ein erfaren fibermontør. Bør ha fagbrev som telekommunikasjonsmontør, - energimontør eller elektrikar i tillegg er fordelaktig. Relevant erfaring kan vega opp for manglande formell kompetanse. Arbeidsoppgåver vil m.a. vera omlegging/utviding av eksisterande fibernett, kundeinstallasjonar til privat og næring og feilretting.
Kvifor velje energibransjen?
✅ Moderne teknologi – me brukar dei nyaste løysingane i bransjen
✅ Samfunnskritisk arbeid – fibersamband er viktig for alle
✅ Trygg jobb – kompetansen din vil alltid vere etterspurd
Kvalifikasjonar/eigenskapar:
✅ God erfaring i fiberbransjen
✅ Gode PC ferdighetar
✅ Godt fargesyn
✅ Førarkortklasse B(E)
Personlege eigenskapar me ser etter er at du kan arbeide sjølvstendig, er serviceinnstilt, glad i utfordringar og har gode samarbeidsevner.
Me kan tilby:
✅ Ei spennande, sjølvstendig og fagleg interessant stilling i eit energikonsern
✅ Konkurransedyktig løn og gode forsikrings-, pensjons- og velferdsordningar
✅ Godt arbeidsmiljø, her får du dyktige kollegaer, støtte og fellesskap
Spørsmål om stillinga kan rettast til VTK AS ved fiberansvarleg Gunnulf Grimstvedt (977 18 757)
samt dagleg leiar i VTK AS Svenn-Erik Rafoss (tlf. 912 47 429)
Søknad med CV og kopi av dei viktigaste vitnemål/attestar kan du sende på e-post til firmapost@vtk.no. Merk: Søknad fibermontør
Om arbeidsgiveren
Vest Telemark Kraftlag AS (VTK) blei stifta 13. september 1940 og er i dag eit konsern der VTK Holding AS er morselskap; - eigd av kommunane Tokke, Vinje, Fyresdal, Kvitseid, Seljord og Nissedal i Vest-Telemark. I konsernet er det to dotterselskap, Telemark Nett AS og VTK AS. Telemark Nett AS har eit samla nett (lågspent og høgspent) på over 3000 km for å forsyne sine 15.500 nettkundar. VTK AS driv med kraftproduksjon, kraftomsetning og fiber. Kraftproduksjonen er primært knytt opp mot deleigde selskap, der Skafså Kraftverk ANS og Sundsbarm Kraftverk DA er dei største. VTK AS har ein total produksjonstilgang på ca. 280 GWh i eit normalår. VTK har om lag 11500 kundar på kraftomsetning. Fibernettet blir leigd ut til deleigd dotterselskap Telefiber AS som har over 7000 kundar. Konsernets aktivitetar er samla på Høydalsmo i Tokke kommune. Nettselskapet har ei avdeling i Treungen i Nissedal kommune. Konsernet hadde i 2023 ei omsetning på 535 mill.kr og om lag 60 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo
- Bransje: Elektronikk, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Elektronikkmontør, Håndverker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
fibermontør, telekommunikasjonsmontør, fibernett, kabel, nettverk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394518852
- Sist endret