
Rådgivar strategi, bemanning og arbeidstid
Helse Bergen
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar strategi, bemanning og arbeidstid
Ønsker du å bygge solid erfaring innan HR, strategi og organisasjonsutvikling i ei av Noregs største og mest komplekse organisasjonar?
Vi søker nye medarbeidarar, både deg som er nyutdanna og deg som har erfaring.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ser for deg ei karriere innan HR, strategisk rådgiving og organisasjonsutvikling. Som ein del av vårt fagmiljø i Helse Bergen får du verdifull innsikt i korleis ein stor organisasjon handterer bemanning, arbeidstid og forvaltning av løns- og arbeidsvilkår. Du vil jobbe tett med leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde, bruke analyse og strategisk tenking for å utvikle framtidsretta løysingar og vere ein viktig pådrivar for endring og utvikling. Her får du sjansen til å påverke, lære og utvikle deg i eit fagmiljø som er sentralt for sjukehuset si drift.
Personal- og organisasjonsavdelinga er sjukehuset sitt samla fagmiljø for rådgiving og utviklingsstøtte innan HR-feltet, med om lag 70 medarbeidarar fordelt på fem einingar. Les meir om Personal- og organisasjons avdelinga - Helse Bergen HF
Seksjon Bemanningsløysingar og tarifforhandlingar er sjukehuset sitt kompetansemiljø for bemanning og arbeidstid. Vi har ansvaret for strategisk utvikling og forvaltning av løns- og arbeidsvilkår, HR-styringsdata, forhandlingar og samarbeid med tillitsvalde.
Som rådgivar i seksjonen vil du vere viktig i arbeidet med:
- Strategisk utvikling og forvaltning av rammeverk og avtalar
- Vidareutvikling av arbeidstidsordningar tilpassa behova i sjukehuset
- Samarbeid med leiarar, medarbeidarar og tillitsvalde
- Å ta i bruk tal, analyse og kunnskap for å vidareutvikle tenestene.
Vi ser etter deg med gode analytiske evner som trivst med å løyse utfordringar i samarbeid med andre. Digital kompetanse og kjennskap til KI vil vere nyttig for læring og forbetring. Hos oss får du ein spennande arbeidsplass med ei viktig samfunnsoppgåve. Du jobbar både sjølvstendig og i team, som rådgivar, utfordrar og medspelar for leiarane i Helse Bergen.
og i team, som rådgivar
Arbeidsoppgåver
- Rådgiving og støtte til leiarar i planlegging og styring av bemanning
- Bidra til å utvikle fleksible og helsefremmande arbeidstidsordningar
- Utvikle og forbetre metodikk og verktøy
- Planlegge og delta i lønsforhandlingar i sjukehuset
- Analyse og oppfølging av bemanningsdata
- Undervisning og rettleiing om lov- og avtaleverk for arbeidstid
- Støtte til utvikling og implementering av automatiserte prosessar og bruk av AI/KI
- Prosjektdeltaking
Kvalifikasjonar
- Mastergrad innan HR, økonomi/administrasjon, organisasjonspsykologi, prosjektleiing eller anna relevant mastergrad
- Erfaring med bruk av ulike verktøy i M365
- Erfaring med bruk av KI som verktøy i arbeidssituasjon/under utdanning
- God digital kompetanse
- Du kan bruke IT-verktøy til å løyse ulike problem og informasjonsformidling
- Gjerne erfaring frå store komplekse organisasjonar
- Erfaring frå samarbeid med tillitsvalde er ein fordel
- Kjennskap til regelverk og avtalar om arbeidstid er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Evne til å tenke heilskap og kompleks problemløysing
- Du er ein god sparringspartnar og trivst i rådgjevarrollen
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Analytisk
- Strukturert og nøyaktig
- Evne til å prioritere og handtere fleire oppgåver samtidig
- Du arbeider sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit engasjert fagmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Konkurransedyktig løn
Bli med på å forme framtida hos Haukeland universitetssjukehus - søk på stillinga som rådgivar i dag!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgiver HR, rådgivar HR, Bemanningsløsninger, tariff, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394596470
- Sist endret