
Avdelingsleiar
Klepp kommune
- Frist 14.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Engelsvoll skule utvider leiargruppa med ein til avdelingsleiar. Stillinga er fast og gjeld frå 01.08.2025. Vi søker deg som er ein engasjert, tydeleg og omsorgfull leiar. Du er opptatt av skuleutvikling og arbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap.
Som avdelingsleiar er du medlem av skulen si leiargruppe der du får medansvar for at vi når våre felles mål. Kjernekomponetane våre mot 2028 er "den engasjerte eleven", "utvikling av det profesjonelle læringsfelleskapet" og "digitalisering". Vi tar del i Kleppskulen sitt satsingsområde Oracy, der vi er ein av 4 pilotskular og deltakare i Erasmus + sitt konsortium.
Leiargruppa ved Engelsvoll skule vil bestå av rektor, to avdelingsleiarar og SFO-leiar.
Engelsvoll skule er sentralt plassert nær tostasjonen Klepp stasjon. Det er ca. 10 minutt å gå frå togstasjonen til skulen. Skulen vår ligg nær Frøyandsvatnet med flotte natur- og aktivtetsområder, som skulen nyttar i ein aktiv og variert skulekvardag.
Neste skuleår har vi ca 165 elevar og 25 tilsette; lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar og miljørettleiare. I tillegg har vi skulekonsulent, byggdriftar og helsesjukepleiar. Det er høg og variert kompatanse blant dei tilsette, og vi håper at du vil vera med å vidareutvikla dette til det beste for elevar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
Vi søker etter deg som vil bidra til eit trygt , godt og inkluderande miljø for elevar og tilsette. Det er difor viktig at ditt pedagogiske kompass er forankra i ein inkluderande pedagogikk der læring og utvikling skjer saman med andre.
Leiargruppa arbeider saman i team, har eit totalansvar for skulen og fordeler arbeidsoppgåvar og ansvar mellom seg ut frå kompetanse, erfaring og interesser.
Du vil få delegert personalansvar, få medansvar for skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid, følge opp klasse- og elevsaker og ha tett samarbeid med tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnare.
Kvalifikasjonar
Du har godkjent lærarutdanning og solid undervisningserfaring. Det er ein fordel om du har erfaring frå leiing og formell leiarutdanning. Dersom du ikkje har leiarutdanning, vil du måtte ta dette ved seinare høve.
Du har gode munnlege og skriftelege ferdigheiter, i tillegg er du trygg i bruk av digitale verktøy.
Det er viktig at dine kvalifikasjonar gjer leiargrppa enda meir komplimentær. Referanser og at du er personleg eigna vil bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
Vi er opptatt av at Engelsvoll skule skal vera ein god plass for alle å vera. Vi leitar difor etter deg som har god relasjonskompetanse, likar å arbeide i team, men som og kan arbeida sjølvstendig og ta avgjersler på eiga hand. Det er ønskeleg at du har analysekompetanse og kan å nytta elevdata i utviklingsarbeidet. Du har godt humør og er ein positiv bidragsyter inn i eit samla personale. Du er opptatt av å skape gode sosiale og faglege resultat for elevar og tilsette. Du er tydeleg og raus, er robust og har styrke til å handtera uforutsette situasjonar.
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein spennande og allsidig jobb der du er med på å vidareutvikla eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Du blir ein viktig del av skulen si leiargruppe der vi har høg trivsel.
Du vil sjøvsagt få støtte og opplæring for å kunne gjere ein god jobb.
Gode velferds- og forsikringsordningar
Hjemjobbhjem
Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Engelsvollvegen 91, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Avdelingsleder, Leder, Lærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394597153
- Sist endret