Forretningsutviklar – marknad og anbodsleiing
Fjord1 AS
- Frist 13.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og sikre framtidas kontrakter?
Kanskje veit du allereie ein del om Fjord1? Du tenker kanskje at det er ferje, sveler og kaffe?
Vi er så mykje, mykje meir!
Vi er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet – over halvparten av våre fartøy er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Vi tør påstå at vi er både moderne, innovative og framtidsretta – og langt frå kjedelege! Visjonen vår er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og vi skal halde fram med å leie an i den maritime næringa.
For å nå denne visjonen styrkjer vi organisasjonen og etablerer ei heilt ny kommersiell avdeling. Her vil vi samle spisskompetanse innan forretningsutvikling, marknadsanalyse og anbod, for å sikre vekst og vidareutvikling av selskapet. No treng vi fleire dyktige medarbeidarar!
Vi ser etter deg som vil jobbe med marknad og anbodsleiing og som ønskjer å spele ei sentral rolle i oppbygginga av den nye kommersielle avdelinga. Denne stillinga er spesielt retta mot å analysere marknadspotensial, utarbeide anbod og bidra til at vi sikrar nye kontraktar og lønsam vekst.
Vi søkjer og etter ein annan forretningsutviklar som skal jobbe meir med analyse.
Som forretningsutviklar hos oss vil du ha ei sentral rolle i å identifisere og vinne nye kontraktar, analysere konkurransebiletet og utvikle marknadsstrategiar som styrkjer Fjord1 si posisjon i bransjen. Du får moglegheita til å arbeide i eit innovativt miljø, der utvikling og nytenking står sentralt, og der du vil vere ein viktig bidragsytar i kommersielle prosessar.
Du blir ein del av eit kompetent og engasjert team, som vi no utvidar med fleire forretningsutviklarar. Saman skal dei identifisere nye moglegheiter, styrke marknadsposisjonen vår og bidra til Fjord1 si satsing på berekraftig vekst. Du vil ha tett dialog med med ulike avdelingar i Fjord1 for å sikre gode, konkurransedyktige tilbod i anbodskonkurransar.
Du vil rapportere direkte til kommersiell direktør.
Dine arbeidsoppgåver
- Leie gjennomføring av prosjektarbeid, anbodsprosessar og bidra på utgreiing/kalkulasjon
- Prognose- og analysearbeid på kontrakts- og segmentnivå i eiga avdeling, i samarbeid med andre avdelingar og eksterne
- Overvaking av marknad
- Bidra i overlevering av nye kontraktar til prosjektavdelinga
- Utarbeide saksgrunnlag
- Anna arbeid
Kven er du?
Vi ser etter ein sjølvstendig og strategisk forretningsutviklar med sterk marknadsforståing og erfaring frå anbodsprosessar. Du har god analytisk kompetanse, evne til å sjå samanhengar og drivkraft til å finne løysingar som gir Fjord1 konkurransefortrinn.
For oss er dei personlege eigenskapane viktige, men for å lykkast i denne rolla ser vi for oss at det er viktig med:
- Høgare økonomisk og/eller maritim utdanning – evt. anna relevant utdanning
- Erfaring frå marknadsanalyse, anbodsarbeid eller kontraktsforvaltning i maritim sektor
- God forretningsforståing og evne til å identifisere lønsame moglegheiter
- Sterk i IKT-verktøy, særleg Excel
- Erfaring med å utarbeide konkurransedyktige tilbod og analysar
Kvifor søkje?
Som forretningsutviklar i Fjord1 får du ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling i eit arbeidsmiljø prega av entusiasme og arbeidsglede. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med dyktige kollegaer som deler ambisjonen om utvikling og innovasjon.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar, samt fleksible arbeidsvilkår som gir deg ein god balanse mellom jobb og fritid.
Din faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
Er du nysgjerrig? Ta gjerne kontakt – vi ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Strandavegen 15, 6905 Florø
- Bransje: Maritim og offshore, Markedsanalyse, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Analyse, Forretningsutvikling og strategi, Samfunnsøkonomi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Anbud, forretningsutvikler, prosjektarbeid, prognoser, kalkulasjon
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394618959
- Sist endret