
Kvalitetskoordinator
AquaGen AS
- Frist 20.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
100% Vikariat som Kvalitetskoordinator hos AquaGen
Ved Profunda i Barstadvik har vi produsert stamfisk av laks sidan 2010 utan påvist smittsam sjukdom eller laksepatogene virus. Anlegget i Barstadvik utnyttar dei geologiske særtrekka i området med avsetningar av silt, sand og grus som har bygd seg opp etter siste istid. Slik har anlegget tilgang til både marint og fersk grunnvatn, som vert henta opp frå djupe brønnar. Dette gjev anlegget ei høg biotryggleik, og eit unikt høve til å levere dokumentert patogenfri rogn til norske og internasjonale kundar. Landbasert produksjon gjev og full kontroll på miljøforholda, og sikrar slik levering av rogn heile året.
Som kvalitetskoordinator samarbeider og rapporterer du dagleg til driftsleiaren. Fagleg samarbeider og rapporterer du til kvalitetssjef. Du får arbeide tett på kollegar i sjølve anlegget, med våre øvrige kvalitetskoordinatorar rundt om, revisjonsteamet og HMS-koordinator.
Hovudansvaret ditt vil vera å leia kvalitetsarbeidet i samråd med driftsleiar og kvalitetssjef og støtte drifta av anlegget i samhøve med gjeldande lover, sertifiseringar, interne og eksterne krav.
Dine oppgåver vil vera å:
- bidra aktivt og kontinuerleg med å sikre at styrande dokumentasjon innan driftsområdet er i tråd med gjeldande regelverk, sertifiseringar, kontraktar og kundekrav.
- kontinuerleg evaluere og sørge for at felles prosedyrar som etablerast i produksjonen er tenleg for dei aktuelle driftsområda.
- vidareutvikle og vedlikehalde lokale prosessar og dokument i samarbeid med driftsleiar og kvalitetssjef.
- kommunisere, forankre og følgje opp nye og reviderte prosedyrar i anlegget.
- følge opp hendelser og avvik – at desse meldas inn og vert fulgt opp på ein god måte av dei ansvarlege.
- bistå driftsleiar ved tilsyn og revisjonar.
- støtte og bidra i lokal risikostyring.
- vere aktiv i vårt etablerte kvalitetsforum og sikre ein solid forbetringsprosess på tvers i organisasjonen.
- vedlikehald av kjemikaliehåndtering.
- koordinere prøveuttak for genotyping.
- oppfølging av kvalitetssystemet i anlegget.
- internopplæring relatert til ansvarsområdet
Vi ser etter deg som
- innehar bachelor innan relevante områder
- gjerne har kompetanse innan kvalitetsarbeid, revisjon eller akvakultur, eller har erfaring fra oppdrettsbransjen
- har interesse for kvalitetsleiing og gode kvalitetssystem
- har gode kommunikative ferdigheiter i skriftleg og munnleg norsk, samt meistrar skriftleg og munnleg engelsk
- arbeider målretta og tek initiativ til forbetringar
- er systematisk og nøyaktig, og trivst med å etterleve effektive og robuste prosedyrar
Vi tilbyr deg
- eit sterkt fagmiljø lokalt, nasjonalt og internasjonalt, med fokus på innovasjon og verdiskaping
- utfordrande arbeidsoppgåver med gode høve til personleg og fagleg utvikling
- eit positivt, uformelt og tverrfaglig arbeidsmiljø med høg kompetanse
- ein solid jobb i ei framtidsretta næring i vekst
For meir informasjon om AguaGen, besøk www.aquagen.no
Søknad med CV sendast snarast og seinast innan dato 20.03.2025
Periode for vikariat: snarlig og til og med 30.06.2026
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Sjøbakkane 17, 6174 Barstadvik
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Forskning, utdanning og vitenskap, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, Koordinering, Kvalitetssikring
Nøkkelord
oppdrett, akvakultur, havbruk, administrasjon, dokumentasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394655334
- Sist endret