Helsefagarbeidar i Heimetenesta
Øygarden kommune
- Frist 10.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidar i Heimetenesta
Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som er ein engasjert og motivert helsefagarbeidar!
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon-/samarbeidsevner er gode. Som helsefagarbeidar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Vi søkjar akkurat deg som er:Omsorgsfull raus engasjert - lojal
og har;Humor livsglede - mot
Kva får du hos oss?
Som vår nye kollega vil du kunna få 75 - 100% stilling i årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav om eigenkapital gjennom kommunen. Gratis parkering.
Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste!Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen
Kven er så du?
Du har utdanning som helsefagarbeidar, har førarkort og om du har erfaring frå heimetenesta er det ein fordel. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre samt bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Om du kjenner deg igjen, bli med oss på laget!Kontakt
Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56160502 / 950 71 121
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
helsefagarbeidar, helsefagarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394664667
- Sist endret