
Er du klar for ein givande sommar?
Helse Bergen
- Frist 31.03.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du klar for ein givande sommar?
Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar, og leverer ikkje-medisinske tenester til Haukeland universitetssjukehus. Vi driv med portørtenester, forsynings-tenester og varemottak. Lagar mat til pasientar, pårørande og tilsette. Reingjer tekstilar og senger, utfører det daglege reinhaldet og andre reinhaldstenester. Vi driv òg eit kurs- og konferansesenter, sikkerheitstenester og bemannar sentralbordet.
Kvar sommar har vi behov for dyktige og engasjerte sommarvikarar som kan bidra til å oppretthalde den daglege drifta ved sjukehuset. Vi søker no sommarvikarar til fleire av einingane i Hospitaldrift.
I søknaden må det komme tydeleg frem, i prioritert rekkefølge, kva avdeling/eining du ønsker å arbeide i, og i kva periode du kan arbeide.
Søkarar må fylle 18 år innan 2025 og kunne jobbe i minimum 4 veker samanhengande. Ferieperioden i Hospitaldrift strekk seg frå veke 25 til 33, og dei søkarane som kan jobbe flest veker i denne perioden vil bli prioriterte.
Dei fleste einingane i Hospitaldrift har turnusarbeid, hovudsakleg på dag, ettermiddag, kveld og helg. Vårt arbeidsspråk er norsk, og gode norsk kunnskapar, skriftleg så vel som munnleg, er nødvendig. Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vera psykisk krevande.
I år har vi ledige sommarvikariat ved desse einingane (antall ledige vikariat i kvar eining er oppgitt i parentes):
Transport
- Forsyningsportør (16) - bestilling av varer, tøy, væske frå apotek til avdelingar, levere prøvar til Lab., handtering av avfall og skittentøy samt transport av senger. Ønskeleg med truckførarbevis T, men ikkje eit krav
- Pasientportør (16) - transport av pasientar internt på sjukehuset. Ønskeleg med førarkort kl. B og/eller truckførarbevis T1 og førstehjelpskurs, men ikkje eit krav
Sentralforsyninga - varemottak og hovudlager (1) - plukke, pakke og sende varer i transportanlegg, samt handtere bakker i vaskeanlegg. Ønskeleg med erfaring frå lagerarbeid, må kunne arbeide i perioden veke 26-32
Matforsyning - utviklar, produserer og distribuerer mat til pasientar, pårørande og tilsette ved sjukehuset. Arbeidet i spisestuene er å slutt-tilverke og anrette maten til pasientane, i tillegg til oppvask og rydding
- Matvert i Spisestuene (28)
- Kjøkkenassistent i Sentralkjøkkenet (5)
- Medarbeider i kafé/kantine (1)
Tekstilforsyning (8) - Produksjon og distribusjon av personaltøy og pasienttøy til Sjukehuset. Mottak og sortering av personaltøy og pasienttøy. Handtering av tøy med ulike maskinar. Plukke og pakke tøy etter bestillingslister. Levere tøy rundt om på sjukehuset med truck. Ønskeleg med truckførarbevis T, men ikkje eit krav.
Dersom du ønsker å søke på stilling som sommarvikar hos Hospitaldrift Reinhald, så har dei ute eiga annonse: Hospitaldrift Reinhald
Arbeidsoppgåver
- Forsyningsportør: bestilling av varer, tøy, væske frå apotek til avdelingar, levere prøvar til Lab., handtering av avfall og skittentøy samt transport av senger
- Pasientportør: transport av pasientar internt på sjukehuset
- Sentralforsyninga: plukke, pakke og sende varer i transportanlegg, samt handtere bakker i vaskeanlegg
- Matforsyning: utviklar, produserer og distribuerer mat til pasientar, pårørande og tilsette ved sjukehuset. Arbeidet i spisestuene er å slutt-tilverke og anrette maten til pasientane, i tillegg til oppvask og rydding
- Tekstilforsyning: - Produksjon og distribusjon av personaltøy og pasienttøy til Sjukehuset. Mottak og sortering av personaltøy og pasienttøy. Handtering av tøy med ulike maskinar. Plukke og pakke tøy etter bestillingslister. Levere tøy rundt om på sjukehuset med truck
Personlege eigenskapar
- Du er punktleg og påliteleg
- Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du arbeidar godt i lag med andre, og tar ansvar for at jobben blir gjort skikkeleg
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 75
- Sted: Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider, Logistikk og lager, Truckfører
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
forsyningsportør, pasientportør, Matvert Spisestuene og kafe, Tekstilforsyning, sentralforsyning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394667406
- Sist endret