Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
- Frist 10.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Heimetenesta
Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi opprettar no ei stilling som avdelingsleiar i ny avdeling på Straume.
Til stillinga ser vi etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon-/samarbeidsevner er gode, og du fremstår som ein samlande leiar. Som avdelingsleiar i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Vi søkar akkurat deg som er:
Omsorgsfull raus engasjert - lojal
og har;Humor livsglede - mot
Kva får du hos oss?
Som vår nye kollega vil du få 100% stilling på dagtid og fleksitid, konkurransedyktig løn og gode pensjons og forsikringsordningar. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Du har høve til å søke startlån utan krav til eigenkapital gjennom kommunen, samt ha gratis parkering. Startlån ordinært - Øygarden kommune I heimetenesta vil du få arbeide med dyktige og løysingsorienterte medarbeidarar, og det er kort veg mellom leiing og dei tilsette.
Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste!Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen
Kven er så du?
Du må ha erfaring med leiing og ha sjukpleiarfagleg bakgrunn. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre, samt bidra til eit godt arbeidsmiljø. Som leiar veit du at motiverte medarbeidarar er ein suksessfaktor, du har ein smittande, positiv haldning i dine omgjevnader. Samtidig kan du ta slutningar når det er naudsynt, og du går framfor i endringsarbeid. Fagleg har du kjennskap til relevant lovverk innan helse og personalleiing, samt har forståing for både økonomi og drift.
Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.
Om du kjennar deg igjen, bli med oss på laget!Kontakt:
Einingsleiar Kate S. Løland 56 16 05 02 / 95 07 11 21
Einingsleiar Marianne V. Berland 56 16 16 60 / 90 15 91 03
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Sykepleier
Nøkkelord
Avdelingsleiar, sykepleier, sjukepleiar, avdelingsleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 394670031
- Sist endret