Bildegalleri
Nordfjordbunad med skjorte, sølv, sølvbelte og nesten ny veske og cape
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Størrelse: L
Farge: Grønn
Bunad frå Nordfjord til sals med skjorte, sølv, sølvbelte, nesten ny cape med fôr og veske med forsølva lås, 3 bunadsposar og eventuelt sko. Capen er brukt 1 gong og veska er brukt berre 3-4 gonger etter kjøp. Alt sølv følgjer med: brystsølje, halsknapp og mansjettknappar, bunadskjede, og sølvbelte i skinn med 23 stølar med lauv, eitt borepar og eitt beltespennepar. Øyredobbar og sko kan følje med dersom ønskeleg.
Livet kan syast ut og utvidast i høgda. Vanleg bruksslitasje på alt og ingen flekkar eller hol. Det er ein litt laus tråd frå kantebandet på livet ved to maljer (sjå bilete).
Mål:
Skulder til stakkekant nede: 145 cm
Skulder til stakk/høgde på livet: 42 cm
Høgde på stakken: 103 cm
Livvidde på innsida: 93 cm
Saumrom i livet: kan leggast ut 8 cm på kvar side
Livet kan aukast litt i høgda ved skuldrane og stakkesaumen
Skjortehalsen omkrets inni: 35 cm
Skjorteermet omkrets inni v/linningen: 19 cm
Skjortebreidde under ermane: 60 cm
Eg har to par øyredobbar, både for hol i øyra og med skrufeste utan hol.
Dei til øyra med hol i, manglar endestykka bak, desse kostar 40 kr hos gullsmed. Dette paret manglar sølvstempel, det stod truleg på endestykka. Eg har også ein annonse med ein sunnmørsbunad, og førstemann som kjøper ein av bunadene får velje kva par av øyredobbane ein vil ha, det andre paret tilbys den andre bunaden.
Bunadskoa er ca str 41 - også her får førstemann til mølla skoa.
Sender helst ikkje i posten, bunaden bør prøvast. Bunaden heng heime hos mi mor i Ørsta; eg avtalar tid for prøving. Betaling til meg på Vipps.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 24.2.2025 kl. 19:58 ・ FINN-kode: 394883054