Rådgjevar oppvekst - 100% fast
Alver kommune
- Frist 09.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du nye utfordringar? Kva med å bli rådgjevar for oppvekst i Alver kommune?
Om stillinga
Det er no ledig 100 % stilling som rådgjevar oppvekst.
Alver kommune har ledig ei stilling som rådgjevar innafor oppvekstsektoren, med hovudfokus på ansvarsområdet mynde barnehage, sakshandsaming og utviklingsprosessar.
Stillinga er knytt til stab oppvekst.
I Alver kommune er barnehage, barnevern, helsestasjon, PPT og skule organisert i oppvekstsektoren.
Arbeidsoppgåver
Stab oppvekst har eit stort omfang av sakshandsaming og forvaltning, og som rådgjevar vil du ha eit stort ansvar her. Dette vil mellom anna innebere å handsame søknader, fatte enkeltvedtak og lage grunnlag for refusjonar.
I tillegg vil du, i samarbeid med tenesteleiarane for barnehage og skule, delta i utvikling og oppfølging av dei kommunale barnehagane og skulane. Dette vil innebere både internkontrollarbeid, analysekompetanse, støtte og rettleiing.
Som rådgjevar vil du også vere involvert i utøving av kommunen si rolle som barnehagemynde. Denne rolla inneber mellom anna rettleiing, tilsyn og godkjenning av alle barnehagane i kommunen. Ansvaret som barnehagemynde gjeld både for kommunale og private barnehagar.
Rådgjevar oppvekst vil kunne få eit sjølvstendig leiaransvar i utviklingsprosessar knytt til eitt eller fleire av dei prioriterte utviklingsområda for sektoren.
Arbeidsoppgåvene i staben blir fordelt etter faglege prioriteringar, kompetanse, interesse og erfaring.
Den rette kandidaten har solid erfaring frå oppvekstfeltet og tverrfagleg samarbeid, er ein god relasjonsbyggjar og arbeider strukturert og målretta.
Kvalifikasjonskrav
Kompetansekrav
- Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå innafor oppvekstsektoren, fortrinnsvis barnehage
- Relevant erfaring frå tilsvarande stilling/barnehage
Personlege eigenskapar
- Svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Ryddig og strukturert
- Evne til å motivere og skape engasjement
- Endrings- og utviklingsorientert
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Høg integritet
- Løysingsorientert og sjølvstendig med sterk gjennomføringsevne og engasjement for å utvikle sektoren
Ønskt kompetanse
- God kjennskap til offentleg forvaltning
- Gode digitale ferdigheiter
- God rettleiingskompetanse
- Erfaring i å leie større utviklings- eller investeringsprosjekt
Vi tilbyr
Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
Godt arbeidsmiljø og eit aktivt fagmiljø der du kan vere med å utvikle kommunen sine tenester.
Engasjerte og dyktige medarbeidarar.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395071842
- Sist endret