Rådgjevar/seniorrådgjevar for kontrollutvala
Vestland fylkeskommune
- Frist 16.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/seniorrådgjevar for kontrollutvala
Kontrollutvalet, sekretariatet og revisjonen er tre viktige instansar i utøving av kontrollaktiviteten i fylkeskommunen / kommunane.
Kontrollutvalet er eit politisk utval som skal føra kontroll med den fylkeskommunale / kommunale forvaltninga på vegne av fylkestinget / kommunestyret. Utvalet skal og sjå til at fylkeskommunen / kommunane har ein forsvarleg revisjon som bl.a. utfører rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll.
Til å hjelpa seg med kontrollarbeid har kontrollutvalet eit eige sekretariat. Sekretariatet er kontrollutvalet sitt operative ledd (utvalet sin administrasjon) og skal til ei kvar tid yta kontrollutvalet den bistanden som utvalet har trong for. Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing, møteinnkalling og saksoppfølging som føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Vestland fylkeskommune sitt sekretariat for kontrollutvalet er eit leiande fagmiljø i den kommunale eigenkontrollen som leverer tenester til kontrollutvalet i fylkeskommunen og til kontrollutvala i 14 kommunar.
Det vert nytta ein bestillar / utførar modell som inneber at kontrollutvalet med støtte fråsekretariatet bestiller ulike revisjonsoppgåver frå revisor. Revisjonen utførerkontrollhandlingar og skriv rapportar.
Vi treng no ein ny medarbeidar i heil stilling.
Arbeidsoppgåver
- Skriva saksframlegg / utgreia saker som kontrollutvala skal behandla. I nokre høve vil det innebera å kunna gje eigne vurderingar i saksframstillinga.
- Planlegga og tilrettelegga for møter i kontrollutvala.
- Delta som sekretær på kontrollutvalsmøter, med funksjon både som praktisk tilretteleggar, fagperson og den som skriv møteprotokoll.
- Arkivering og journalføring av kontrollutvala sine saker, møteprotokollar og korrespondanse.
- Halda kontrollutvala oppdatert innan relevante fagfelt og sørgja for nødvendig opplæring / oppdatering innan fagfelta.
- Medverka til at fylkesting og kontrollutval får relevante kontroll-saker framlagt for behandling, og i rett tid.
- Bidra ifm. konkurranseutsetting av revisjonstenester. Dette i samspel med fagressurs frå innkjøpsavdelinga i fylkeskommunen.
Oppgåver og ansvarsområde for stillinga er å planlegga, legge til rette og å hjelpa til med gjennomføringa av kontrollutvala sine aktivitetar i fylkeskommunen og i nokre av kommunane. I stillinga må du koordinera møta for kontrollutvala saman med kontrollutvalsleiarane og å ha dialog med politisk og administrativ leiing samt revisjonen.
Utover arbeidet med eigne kontrollutval, vil du saman med kollegaer bidra i den interne kvalitetssikringa og utvikling av faget.
Kvalifikasjonar
Du har utdanning på masternivå eller tilsvarande innan jus-, samfunns- eller økonomifag, samt nokre års arbeidserfaring frå dei nemnte fagfelt. Du må ha førarkort for personbil.
Vi søkjer deg som:
- Kan uttrykka deg godt munnleg, og skriftleg på både nynorsk og bokmål.
- Har forståing for og erfaring med prosessar i folkevalde organ.
- Har brukarerfaring frå å arkivere og behandle sakar i sak- og arkivsystem. Det er nyttig med røynsle fra saks- og arkivsystemet Elements, men dette er ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar
Du likar å jobba med menneske, er open, påliteleg og likar å ta ein sakleg og fagleg diskusjon i både større og mindre samlingar,
- kan jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert
- kan gjennomføra oppgåver du set i gang eller blir del av
- er reflektert, tydeleg og høfleg i din kommunikasjon
- trivast med å arbeida i grensefeltet mellom administrasjon og politikk.
Vi tilbyr
Hos oss får du ein interessant jobb og eineståande moglegheit til å bli kjent iVestland fylke; med kommunane, folka, lokalpolitikken, med geografi og vær- ogføreforhold. Du får utvikla kommunekunnskapen din, du får gode faglegeutviklingsmoglegheiter med engasjerte kollegaer og stor innverknad på eigenarbeidskvardag.
Vestland fylkeskommune tilbyr konkurransedyktig lønns- og arbeidsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Du kan rekna med 20-30 reisedagar i bil kvart år.
Arbeidsstaden er det nye og moderne Vestlandshuset, sentralt i Bergen.
Noko ettermiddags- og kveldsarbeid må påreknas, t.d. ved avvikling av møte i kontrollutvala.
Det er ikkje høve til å kombinera denne stillinga med andre deltidsstillingar i fylkeskommunen eller kommunar som sekretariatet tilbyr tenester til.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kvalitetssikring, Revisjon og kontroll, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kontroll, Revisjon, Forvatningsrevisjon, Eierskapskontroll, Saksbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 395077306
- Sist endret